Falske konkurransar, spørjeundersøkingar og «support» i vårt namn

Det kjem stadig nye og meir kreative svindelforsøk på nett, med alt frå utrulege tilbod til ulike konkurransar. 

Nokre at våre kundar har nyleg fått opp pop-up melding/førespurnader om å delta i konkurranse eller spørjeundersøking for å vinne eit produkt. Sognenett sitt namn har vorte brukt i samband med nokon av desse svindelforsøka, men det er ikkje Sognenett som står bak. I nokre høve kan det vere at du har installert eit program på datamaskinen din som gjer at du får opp slike førespurnader.

Me har også fått tilbakemelding om at enkelte kundar har vorte ringt frå ukjend nummer der vedkommande på engelsk har introdusert seg som ein konsulent frå sikkerheitsavdeling og bedt om å få tilgang til din datamaskin. Når våre konsulentar tek kontakt med kundar vil me alltid introdusere oss med eige namn og synleg telefonnummer. Telefonnummer som me nytter er også alltid registrert på Sognenett.

Mange av desse svindelforsøka kan vere lett å kjenne igjen grunna

  • dårleg språk
  • urealistiske premiar
  • falsk nettstad eller Facebook-side
  • krav om å legga att kort- eller personnummer
  • ukjende eller utanlandske telefonnummer

Me oppmodar om at ein alltid er skeptisk til å gi kredittkortopplysningar og anna personleg informasjon på nett eller over telefon. Sognenett har ikkje aktivitetar kor me ber om ditt kredittkortnummer og/eller personnummer. 

Dersom du har delteke i ein slik konkurranse og oppgjeve kredittkortinformasjon, oppfordrar me deg til å ta kontakt med banken din. 

Har du fått opp tilfeldige førespurnader om å bli med på spørjeundersøkingar?

Denne artikkelen kan då vere nyttig lesing: https://malwaretips.com/blogs/survey-com-annualsurvey-info-removal/

Me gjer merksam på at me ikkje kan garantere innhald på eksterne nettstadar. Vis forsiktigheit når du installerer noko nytt på datamaskinen din dersom du er usikker.

 


 

 

Døme på falsk konkurranse (skjermdump frå januar 2017)