Hels på karane frå Vik-avdelinga til Sognenett IT

Karane frå Vik IT-partnar er klare, under ny logo, til å gje jarnet som ein del av Sognenett IT. Frå venstre: Odd Inge Gjeraker, Joar Refsdal (tidlegare Sognenett), Lars Andreas Nilsen og Jan Ove Rinde.

- Nærleik til kundar er viktig. No har me meir kompetanse og fleire ressursar å spele på, seier Avdeligsleiar i Vik og seniorkonsulent for Sognenett IT, Odd Inge Gjeraker.

 Han var med å starta Vik IT-partnar i 2000, og var også med og signerte sine papir då selskapet gjekk saman med Sognenett og Voss kommunikasjon og danna Sognenett IT tidlegare i år.

 Saman med dei andre tilsette på avdelinga gler han seg over å ha enda fleire strengar å spela på, når dei no skal gje kundane noko av det beste IT-service har å by på i Sogn.

Større og betre

Sognenett IT har raskt stabla seg på beina, sidan skipinga i februar. Med ny nettside og til saman sju tilsette som skal på plass denne hausten er det mykje nytt, men for avdelinga i Vik sit godt rutinerte folk som bidreg inn mot ein allereie etablert kundemasse i området. Ved sidan Odd Inge finn ein mellom anna seniorkonsulent Lars Andreas Nilsen og IT-konsulent Jan Ove Rinde, som har jobba med IT i Vik sidan henholdvsis 2015, og 2006.

- I prosessen me har stått i no har det vore viktig at kundane våre har fått ein naturleg overgang til Sognenett IT, og at det ikkje vert nokre store endringar i tilbod anna enn at det er fleire strenger å spele på.
Joar Refsdal er nytilsett i bedrifta, og kjem til å vera ein del til å variera mellom å jobba i Vik og på Sogndalskontoret.

Med eit endå større team i ryggen er Odd Inge overtydd om at kundane vil merke dette i positiv grad.

- Dette vil har positiv effekt internt for vårt miljø med tanke på kompetanseheving, men også eksternt då kundane vil oppleve eit vidare tilbod.

rask tenesteyting

Odd Inge er tydeleg på at sjølv om IT-avdelinga i Vik no er ein del av eit selskap med breiare kundemasse, vil nærleik til kundar vera minst like viktig som tidlegare.

- Det å ha nærleik og yte tenester raskt er eit viktig element for å kunne bevare og spele vidare på relasjonar me har opparbeida oss gjennom alle desse åra. Me ønskjer å kunne levera viktige varer frå lager, og at kundar skal få hjelp med ein gang. Slik vil det halda fram – sjølv om me no har ein ny logo på brystet.

- Me gler oss til ein spanande haust som ein del av eit nytt og spanande IT-selskap, avsluttar han.   

Forrige
Forrige

Ei topp breibandsteneste - rusta til å takla det aller meste

Neste
Neste

Tore Bø er ny dagleg leiar i Sognenett IT