Tore Bø er ny dagleg leiar i Sognenett IT

Tore Bø, frå Hafslo, vende heim att til Sogn for å ta del i den nye og spanande IT-satsinga.

- Eg er overbevist om at dette vert ein god match. Det skjer så mykje her som blir spanande å ta del i, seier Tore Bø.

Saman med familien flytta trebarnsfaren i sommar tilbake til heimlege trakter, nærare bestemt Hafslo. No ser han fram til eit nytt og spanande kapittel, som første permanente daglege leiar for Sognenett IT.

 

Brei erfaring

Med det tek han over stafettpinna frå Eldar Skjeldestad Åsebø, som var konstituert dagleg leiar i etableringsfasen av det nye IT-selskapet. 

- Tore har god teknisk innsikt og har jobba i solide bedrifter der han også har god erfaring med personalansvar.  Han har jobba ein del med oppstartsprosessar og forretningsplanar, noko som er viktig i oppstarten av Sognenett IT, seier Eldar om den nye leiaren, som vert ein av totalt sju tilsette når alle kjem på plass utover hausten.  

Tore kjem frå ein mangeårig jobb i Havyard Leirvik AS, der han mellom anna vart sjef for den operative delen av verftet i 2022.

- Eg har våre med å byggja mange båtar, mellom anna brønnbåtar, og reist mykje med jobben. Men eg har nok mest eit teknisk hovud, og har mykje erfaring frå av å jobba med kundar. No vert det eit bransjeskifte, men det ser eg på som ei spanande utfordring, seier han.

Lokal verdiskaping

Berre halvåret er gått sidan Sognenett IT vart etablert i samarbeid med Vik IT-partnar (no kjøpt opp av Sognenett IT) og Voss kommunikasjon. Selskapet skal mellom anna vera eit lokalt alternativ til bedrifter og private med IT-relaterte behov i regionen.

Lokale aktørar går saman i etableringa av Sognenett IT — Sognenett IT (sognenett-it.no)

- Eg er veldig oppteken av lokal verdiskaping og å dette med å skapa varige, berekraftige arbeidsplassar i lokalsamfunnet. Dette er ei verdi som står fjellstøtt, ikkje berre i Sognenett, men på tvers av heile Sognekraft-konsernet. Slike satsingar er kjekt å få vera ein del av.

Dagleg leiar i Sognenett IT, Tore Bø.


Tore trur og håpar samspelet med Sognenett vil vera viktig å spela vidare på i oppbygginga av selskapet.

-  Sognenett er alt godt etablerte med ein god kundebase, kompetente folk og mykje gode ressursar ein kan nytte seg av for å sørge for effektiv og god drift. Med dette tilbodet vert me ein enda meir komplett leverandør som kundane kan dra nytte av. Alt ligg med andre ord til rette for Sognenett IT, så no er det berre opp til oss å stå på og gje full gass.

Er du nysgjerrig på selskapet? Treng du eller ditt firma IT hjelp?
Sjekk ut vår flunkande nye nettside: Sognenett IT (sognenett-it.no)

Forrige
Forrige

Hels på karane frå Vik-avdelinga til Sognenett IT

Neste
Neste

Andreas flytta frå København for å jobba i Sognenett IT: - Mange spanande planar