Personvern og cookies

Sognenett behandlar dine personopplysningar i samsvar med gjeldande lovar og tek ditt personvern på alvor. Behandlinga av desse opplysningane er i hovudsak regulert gjennom personopplysningsloven, men også ein rekkje andre lovar som marknadsføringsloven, regnskapsloven og ekomloven gir retningslinjer for korleis informasjon tilknytt ein person skal behandlast. Alle våre tilsette har teiingsplikt etter ekomloven §2-9.  

Me samlar inn og nyttar data om deg som er naudsynt for å kunne levere dei tenestene du har bestilt frå oss.

  • Personopplysningar er dei opplysningane som kan nyttast til å identifisere deg som person. Dette inkluderer mellom anna namn, adresse, e-postadresse, telefonnummer og fødselsdato. Dei fleste opplysningane får me frå deg når du inngår eit kundeforhold med oss eller når du er i kontakt med vårt kundesenter.

    Sognenett er behandlingsansvarleg for dei personopplysningane dine som nyttast ved leveranse av våre tenester og produkt.

  • Dine personopplysningar nyttast for bestilling og levering av dei tenestene du har bestilt frå Sognenett, og eventuelt Get, fakturering, ordrehandtering, for å varsle deg om eventuelle endringar, drift eller feilretting, og i alle andre tilfeller der Sognenett må vite kven me har kontakt med.

    Me ivareteke sikkerheita rundt ditt abonnement og forbetrar nettleveransen gjennom å måle linja og sikre at denne fungerer som den skal. For å kunne gjere dette har me kontakt med utstyret som er plassert heime hjå deg. Kontakt med utstyret heime hjå deg mogleggjer at me kan sende oppdateringar til modem/routeren du har fått levert frå Sognenett eller dekodaren frå Get. I tillegg vil denne tilkoplinga gjere det enklare å hjelpe deg med feilsøking dersom du opplever problem med tenestene levert frå oss.

    Dersom du har takka ja til å få tilsendt nyheitsbrev, vil personopplysningane som er registrert i ditt kundekort også nyttast til å kunne gi deg mest mogleg relevant informasjon om dei produkt og tenester som passar for deg. Dersom du ikkje ynskjer å motta dette lengre, kan du når som helst melde deg av ved å reservere deg direkte via siste nyheitsbrev eller kontakte oss på post@sognenett.no. Viktig informasjon om tenestene dine, samt faktura og anna somn er naudsynt for at avtala mellom deg som kunde og Sognenett skal fungere, er ikkje mogleg å reservere seg mot.

  • Me lagrar ikkje dine personopplysningar lenger enn det som er naudsynt for å 1) oppfylle formål med behandlinga (t.d. levering av bestilt teneste/aktivt kundeforhold), eller 2) oppfylle dei lovpålagte pliktane me har (t.d. rekneskapsloven).

    Dine personopplysningar slettast nå me ikkje lenger har behov for å lagre desse.

  • Me deler naudsynt data med våre samarbeidspartnarar for å kunne levere våre tenester til deg. Dei selskapa som behandlar data på våre vegne, kallast Databehandlar. Me har avtale med desse partnarane som definerer korleis desse dataene skal behandlast på vegne av oss.

    Døme på samarbeidspartnarar som får data frå oss er ekstern entreprenør/montør og lokalt energiselskap (Sognekraft, Aurland Energiverk, Lærdal Energi, Luster Energiverk) som skal installere breiband heime hjå deg på vegne av Sognenett, Get for å kunne levere TV-abonnementet, eller Kredinor ved innkreving av ubetalt faktura. Dersom me gjennomfører kundeundersøkingar, nyttar me ein tredjepart som leverandør av slikt system.

    Desse behandlarane får berre oversendt data som er naudsynt for å kunne utføre spesifikke oppgåver på vegne av Sognenett. Me vil aldri selje din personlege informasjon til annonsørar eller andre selskap.

    Til tross for at me har teiingsplikt etter Ekomloven § 2-9, har Politi- og påtalemyndigheit og nokon andre offentlege myndigheiter i visse tilfelle krav på å få utlevert opplysningar om bruk av elektroniske kommunikasjonstenester. I den grad det er pålagt ved lov eller rettsleg avgjersle, eller naudsynt for etterforsking av moglege lovbrot, vil relevante opplysningar kunne bli utlevert til offentlege myndigheiter eller eventuelle andre som har rett på dette.

  • For å kunne kommunisere med andre datamaskinar på internett, må din datamaskin ha ei IP-adresse. Du får difor tildelt ei unik IP-adresse frå Sognenett når du brukar internett.

    Di IP-adresse identifiserer deg på nettet, og me lagrar metadata og trafikkstatistikk knytt til denne i tre veker - noko me er pålagt av myndigheitene å gjere. Sognenett har til ein kvar tid oversikt over kva slags IP-adresser våre kundar har no.

    Informasjon om ditt nettbruk lagrast anonymt.

  • Me ynskjer å gjere nettstaden vår betre og samlar difor inn informasjon frå våre besøkande slik at me kan identifisere forbetringspotensiale på både innhald og funksjonalitet.

    Når du besøkar vår nettstad kan me sjå kva slags IP-adresse du har og kva slags sider du besøker. Sognenett koplar ikkje desse opplysningane direkte til deg som brukar. Me nyttar også cookies/informasjonskapslar som fortel oss korleis du, på ein anonymisert måte, har brukt vår nettstad, samt kva slags nettlesar og eining (mobil/PC/nettbrett) du har nytta.

    Registrert data vert berre nytta til statistiske formål gjennom mellom anna Google Analytics, Squaresace Analytics og Hotjar, og vert ikkje knytta til deg som enkeltperson.

  • Du kan når som helst be om innsyn i kva slags data me har lagra om deg/din virksomheit, samt sletting av dei opplysningane som ikkje er naudsynte for å kunne levere dei tenestene du har bestilt frå oss eller våre tenestepartnarar. Du har også rett til å endre feilaktige opplysningar. Ta kontakt med oss på kunde@sognenett.no.

    Merk: det er berre eigar av opplysningane som kan be om kopi av desse, kreve endring eller sletting.

COOKIES

Informasjonskapslar

Korleis reservere deg mot bruk av informasjonskapslar?

Dei fleste nyare nettlesarar, som Opera, Internet Explorer, Firefox, Safari m.fl., er innstilt på å akseptere cookies automatisk. Om du ikkje ønskar å akseptere cookies må du difor sjølv velje å endre innstillingane i din nettlesar slik at cookies ikkje blir akseptert.

Merk at deaktivering av cookies kan føre til at fleire nettstadar ikkje vil fungere optimalt.

Under finn du rettleiingar for korleis du reserverar deg mot informasjonskapslar i dei mest vanlege nettlesarane.