Andreas flytta frå København for å jobba i Sognenett IT: - Mange spanande planar

Andreas Kleiner flytta nyleg frå København til Gaupne. No er han nytilsett som IT-konsulent for Sognenett IT.

- Eg har verkeleg gleda meg, både til å flytta hit men også til å komme i gang i denne jobben, seier Andreas Kleiner, frå Danmark.


Dansken har nyleg starta i jobben som IT-konsulent for Sognenett IT. Andreas kom rett frå København der han nyleg fullførte ein femårig teknisk utdanning ved Technical Education Copenhagen (TEC).

*Sognenett IT: Ein nyetablert totalleverandør av internett og IT-tenester med fotfeste i Sogn. Selskapet er etablert i samarbeid av Sognenett AS, Voss Kommunikasjon og Vik IT-partner. *

- Fast bestemt på Sogn

At han skulle ende opp med å flytta til Noreg etter ferdig utdanning er kanskje ikkje heilt tilfeldig. Andreas har kjæraste som bur i Gaupne, og frå første gang han var på besøk i Sogn for nokre år sidan, var han bergtatt av det flotte naturlandskapet.

- Eg likar både fjord og fjell, og det har du berre ikkje i Danmark på same måte. Eg synst fjellene er vakre. At det var eg som skulle flytta hit og ikkje omvendt var ikkje noko diskusjon ein gong, slår han fast.

Andreas vart raskt frelst av fjord, fjell og norsk natur då han vitja kjærasten første gongen. Foto: Privat

Flyttinga til Noreg måtte derimot vente til Andreas var ferdig med utdanninga. Undervegs i skuleløpet har han fått mykje verdifull erfaring då han jobba på deltid som IT-konsulent for diverse byggjefirma i Danmark, ofte ved oppstartfasen av ulike prosjekt.

Kva var det som gjorde at du valde å søkje deg til Sognenett IT?

Dette med at selskapet var nyoppstarta var noko av det eg tykte var ekstra spanande å få vera med på. Eg leste meg også opp rundt Sognenett og Sognekraft generelt, og likte mykje av det eg las. Det er mange spanande planar for Sognenett IT som eg ser fram til å ta del i.

Moglegheiten for å vera med å påverke ei bedrift i oppstart var noko av det som trigga Andreas til å søkje

Han legg til:

- Eg tykkjer det er imponerande å sjå den mengda med fiber ein kan leggja her, ikkje minst med dei naturutfordringane ein har.

Mykje å sjå fram til

No ser Andreas fram til å få orden på ting og kome skikkeleg på plass, både på jobb og på privaten i Gaupne der han har flytta inn til kjærasten.

Det har vore ein fin start so langt, og det er godt å komma i gang. Eg ser fram til å starta meir med det daglege arbeidet her, og ikkje minst til å få oppleve Sogn og det naturen har å by på! 

Forrige
Forrige

Tore Bø er ny dagleg leiar i Sognenett IT

Neste
Neste

Sognenett IT: Effektivisering av IT-infrastrukturen hjå Skjolden Hotel