Ei topp breibandsteneste - rusta til å takla det aller meste

Nye linjer som har vorte tatt i bruk dei siste åra, sørger for ei internett-tilførsel frå Sognenett heilt i landstoppen. Det er Nettleiar i Sognenett, Renate Nesse, godt nøgd med.

- Me har tatt gode strategiske val dei siste åra. Dette gjer at me kan levera eit fantastisk stabilt nett til kundane våre, med svært lite nedetid sjølv når uvêret råkar, seier Nettleiar i Sognenett, Renate Nesse.

Uvêret «Hans» skapte tidleg i august bekymring og påverka både infrastruktur og beredskap fleire stader i landet. For Sognenett vart det på mange måtar ein slags «første test» på kor robust nett-tilførselen no er, etter at omlegging av trafikken vart sluttført i fjor sommar.

Sognenett har no tre separate føringsvegar mot aust, ei margin som er god å ha når uvêret herjar og fører til fiberbrot fleire stader i landet.

- Sognenett hadde ikkje noko nedetid under uvêret «Hans», sjølv om fleire av samarbeidspartnerane våre vart hardt råka. Det har vore store investeringar og gått med mykje tid, men det viser seg at det var verdt det, sler Renate fast.

Frå mottakar til distributør

Fram til 2017 var Sognenett avhengig av andre leverandørar for å levere internett til kundane. Ei nødvendig løysing på den tida, men ikkje ei løysing utan utfordringar:

- Leveransen var meir ustabil, og ein kunne hamne i andre rekke dersom leverandøren opplevde eigne utfordringar, noko som igjen påverka nedetida til kundane våre. Me ønskte å ha meir kontroll sjølv, og me ville ha meir forutsigbare kostnader.

Tunge investeringar viser sin verdi i form av eit stabilt og robust nett med god sikringsmargin.  

Moglegheita kom i 2016 då me fekk høve til å samarbeide med BaneNOR. I kjølvatnet av dette fekk Sognenett høve til å etablere eigne, separate, føringsvegar mot aust. Først to linjer, og i fjor sommar vart linje nummer tre tatt i bruk.  

- Linjene fungerer på mange måtar som eit sikringsnett. To linjer er ok, men det hender ein sjeldan gang at begge er nede samtidig, og da er nettet ute til problemet er løyst. Med tre føringsvegar å spela på er nettet mykje meir robust, og trafikken flyt den vegen som er kortast og tilgjengeleg.  

blant dei beste og tryggaste i landet

Det skal med andre ord no svært mykje til for at ein større del av kundemassen til Sognenett vert utan nett på same tid, skulle noko uønska skje. Det er dagleg leiar Ole Petter Hatlevoll svært glad for.

- Sjølv om me har folk på vakt som passar på 24/7, så veit me at me kan sova litt betre om nettene no.

For litt over ti år sidan starta utbygging av fibernett «til foket» Dette i samarbeid med kraftselskapa i Sogn og Telia som tv leverandør. Dette var med på å sørgje for at Sognenett i dag har ei dekningsgrad, kapasitet og kvalitet på fibernettet som er heilt i toppen på landsbasis.

 Sognenett har med andre ord blant dei beste og tryggaste breibandstenestene i landet, trass ei geografisk tilhøyrsle som skulle tilseie det motsette.

- Ein kunne latt vera å gå inn med alle investeringane som me har gjort, og slik sett unngått dei ekstra kostnadane. Men me tek stoltheit i å levere eit så godt som om mogleg produkt til kundane våre i Sogn. Det er jo trass alt dei som skal dra nytte av dette, seier Ole Petter.

Han legg til:

- Me skal sørgje for at ei viktig livsnerve til samfunnet blir levert med best mogleg kvalitet og dermed bidra til lokal god verdiskaping.

Forrige
Forrige

Nytt fjes på plass i Sognenett IT: - Ei frisk satsing

Neste
Neste

Hels på karane frå Vik-avdelinga til Sognenett IT