Nytt kontor på plass i Gaupne

Tore Bø, Magne Kvalsøren og Ole Petter Hatlevoll på utsida av Gaupnekontoret.

F.v: Dagleg leiar i Sognenett IT Tore Bø, Magne Kvalsøren i Sognenett IT og konserndirektør digitale tenestar Ole Petter Hatlevoll.

- Nærleik til kunden er ein viktig del av vårt tilbod. Med opninga av dette kontoret tilfører me ein ekstra dimensjon til vårt kundetilbod i Luster, seier IT-konsulent Magne Kvalsøren i Sognenett IT.

Sognenett og Sognenett IT har dei siste månadane jobba med oppussing og klargjering av eit nytt lokale midt i Gaupne sentrum. No er dei fleste av detaljane på plass, og for Magne er det eit kjend lokale han no jobbar frå.

- Det var i dette bygget IT-karrieren mi starta for 23 år sidan. Det er litt ekstra stas å få komma tilbake no, som ein del av den spanande satsinga til Sognenett IT, uttalar Magne seg frå kontoret i Gaupnegrandane 4.

Magne er tilbake i eit kjent lokale, og kan halda fram med rask og god kundeteneste i Luster.

Raskast mogleg responstid

Ved slutten av oktober i fjor vart det klart at Magne sitt enkeltmannsføretak, MK IT, skulle verte ein del av Sognenett IT. Frå det nyopna kontoret i Gaupne sentrum er Magne med på å ta vare på ein av kjernefunksjonane ved sitt tidlegare føretak i Luster – nærleik til kunden.

- Mykje av det kunden lurar på kan i dag løysast digitalt. Men mi erfaring tilseier at faktoren ved fysisk nærleik til kunden er ein bonus som er med på å skapa tryggleik, bygge relasjon og ikkje minst gje ein ekstra rask og god kundeservice.

Per no er planen at det skal vera to representantar frå Sognenett IT med base i Gaupne. Dagleg leiar i Sognenett IT Tore Bø er svært nøgd med å ha det nyoppussa kontoret klar til bruk.

Ole Petter og Tore er svært nøgd med eit nytt og spanande tilbod i Gaupne.

- Det er som Magne seier ein viktig del av vår satsing at me skal ha kort reiseveg til kunden for å kunne respondera raskt, også i område som er litt lengre vekke frå tettstadane i regionen. No har me også tilsette som bur i Gaupne så då vert det jo eigentleg ein vinn-vinn situasjon på mange måtar, seier han.

Kontorplass også for sognenett

Side om side med Sognenett IT vil Sognenett også disponera kontorplass i same lokale. Konserndirektør digitale tenester Ole Petter Hatlevoll slår fast at prinsippet om nærleik til kunde og rask responstid gjeld for begge selskap.

- IT-sikkerheit og utvikling er sterkt knytt til Sognenett sitt hovudprodukt som er breiband og kommunikasjon. Me ønskjer alltid å ha eit sterk lokalt nærvær, for raskast mogleg responstid både for Sognenett og Sognenett IT.

- I tillegg til å ha auka tal på ein god del tilsette gjennom Sognenett IT det siste året, er det også stas at me no utvidar oss reint fysisk med kontor i Gaupne. Dette kan jo fort gje rom for meir spanande aktivitet i dette området i framtida, avsluttar Hatlevoll. 

Forrige
Forrige

Ein god utviklingsarena

Neste
Neste

Me tek eit djupdykk i teknologien