Ein god utviklingsarena

Hilde Østbø og Erlend Bårgard i Sognekraft-konsernet deltok i starten av februar på Vestlandskonferansen. Her saman med styreleiar for Agenda Vestland Siren Sundland og CEO Jan Erik Kjerpeseth, begge frå Sparebanken Vest.

- Deltaking i dette leiarkurset fell godt saman med at me internt i Sognekraft-konsernet har sett leiarutvikling på agendaen med nyoppstarta leiarkursing av våre eigne, seier marknadsleiar i Sognenett, Hilde Østbø.

Saman med konserndirektør for Sognekraft Produksjon Erlend Bårgard er ho blant 30 utvalde som nyleg vart handplukka til å delta på eit eksklusivt leiarkurs for unge, i regi av Agenda Vestland og Sparebanken Vest.

Kring 150 søkjarar frå heile det gamle Sogn og Fjordane melde si interesse for leiartreningsprogrammet – ei arena for kompetanseutvikling og vekst for unge i leiarroller.

- Å legga til rette for vekst og utvikling blant dei tilsette er ein viktig del av strategien til Sognekraft-konsernet. No får me utvikla oss gjennom ekstra kursing både internt og eksternt, ved sidan av at me har ein spanande og lærerik arbeidskvardag, seier Erlend.

Utvikling og nettverksbygging

I alt vil det vera åtte felles samlingar for programmet som vil gå over tre år med samlingar i både inn- og utland. Første samling i 2024 fann stad i Bergen i starten av februar, under «Vestlandskonferansen». Erlend seier han er er imponert over opplegget han har vorte presentert så lang.

- Dette er eit spanande kurs å vera med på, ikkje berre fordi ein vil læra mykje som vil vera nyttig for eigenutvikling innan leiarskap, men og fordi ein får moglegheit til å forma nye kontaktar og etablera ressursbaserte nettverk som ein vil kunne dra nytte av på sikt, seier Erlend.

Relasjonsbyggings-aspektet er noko som gjer programmet ekstra interessant å vera ein del av, meiner Hilde.

- Moglegheita til å knytte nettverk og bygge relasjonar over heile gamle SF gjer meg overtydd om at dette er eit nyttig forum å vera ein del av. I tillegg er det skissert eit godt opplegg som gjer at me vil tileigna oss mykje god og ny kunnskap innan leiarskap, avsluttar ho.

Forrige
Forrige

Vart styreleiar i Fiberforeningen: - Viktig talerøyr i åra som kjem

Neste
Neste

Nytt kontor på plass i Gaupne