Me tek eit djupdykk i teknologien

Kva er den optimale nettverksløysinga for deg og heimen din? Dette er eit spørsmål mange stiller seg i ei tid der teknologien utviklar seg i raskt tempo. La oss dykke ned i verda av fiber og 5G for å forstå kva som skil dei to og kva som kan vera det beste valet for deg.  
 

Uavgrensa moglegheiter med fiber  

Når du vel fiber, får du internettsignal direkte til heimen via ein kabel, og all kapasiteten i linja er reservert for deg. Dette betyr at kvaliteten på signal og kapasitet ikkje blir påverka eller forstyrra av andre, noko som kan skje med eit delt 5G-nett. Fiber står dermed fram som eit sikkert val når det kjem til stabilitet, driftsikkerheit og hastigheit. 

 
 

Kva med 5G?  

Trådlaust breiband leverer internett gjennom mobilnettet, der signal blir sendt via basestasjonar og gjennom lufta ut til kunden. 5G, eller femte generasjons mobilnett, representerer eit stort steg framover frå 3G og 4G, med nøkkelord som fenomenale hastigheiter og ekstrem kapasitet. Men det er viktig å merke seg at med trådlaust breiband deler du kapasiteten med alle andre som koplar seg til same basestasjon. Dette kan påverke både kapasitet og hastigheit, og i tillegg kan vêrforhold påverke signalkvaliteten. 

 
 

  

Fordelar og ulemper ved løysingane 

Utfordringa med fiber er at du må bu i eit område der det er bygd ut fibernett, og for dei fleste prosjekt krevst det eit visst tal på kundar for at det skal vera økonomisk forsvarleg å starta utbygginga. Det kan synast som eit stort steg å måtte grave for å legge fiberkabel til husveggen din, men denne teknologien er den beste for å sikra uavgrensa fart og kapasitet som dekker dine behov langt fram i tid. 

  

Kan me sei “ja takk, begge deler”?  

Sjølv om den nye 5G-teknologien tek det mobile breibandet eit steg vidare, er konklusjonen at trådlaust breiband og fiberbreiband ikkje erstattar kvarandre. For eit stabilt internett heime – der du skal sjå på TV, spele spel, surfe og jobbe frå heimekontor – er eit kabla fibernett definitivt den beste løysinga. 

  

Dersom du bur, eller har ei hytte eller fritidsbustad i eit område der det ikkje er bygd ut fiber, vil trådlaust breiband vera eit godt alternativ. Dette vil som regel dekkja behovet for enklare bruk. Skulle du vere så heldig å få moglegheita til å bli med på eit utbyggingsprosjekt for fiber i ditt hyttefelt, ikkje nøl med å hoppe på moglegheita.

 

Ta kontakt med oss for bestilling av fiber.  
Ring oss på 95 19 22 22, eller send ein e-post til
sal@sognenett.no. 

Forrige
Forrige

Nytt kontor på plass i Gaupne

Neste
Neste

Kurs i Telia Play