Kurs i Telia Play

"Har du Telia Play - har du alt!"

Denne setningen har du kanskje høyrt før, men veit du korleis du vel inn dine foretrukne strøymetenester eller kanalar?

Måndag 11. desember arrangerer Sognenett kurs i Telia Play. Her syner me deg alt du treng å vite om korleis du skal få mest mogleg ut av ditt Telia Play-abonnement.
Telia Play er namnet på TV-leveransen du har i frå Sognenett (tidlegare kalt både GET og Telia TV). 

Me veit at det av og til kan vere utfordrande å gjere endringar, og at ein kanskje er redd for å trykke på feil knapp eller feil innstilling. Vårt mål med kurset er at du skal få sjå alle moglegheitene som ligg i Telia Play, samt bli ein trygg og robust brukar av abonnementet.

Kva: Kurs i Telia Play
Når: Måndag 11.desember kl.20:00
Kvar: Skyttarhuset på Leikanger (Eivaldgjerde 10, 6863 Leikanger)
Pris: Gratis 

Enkelt servering av kaffe og noko attåt. 

Kva går me gjennom på kurset?
- Korleis velje inn og ut strøymetenester (Netflix, HBO, ViaPlay, etc).
- Kanalveljaren - Korleis velje inn og ut kanalar.
- Generell info om Teliaboksen.
- Generell info om Telia Play appen.

Påmelding: Klikk her for å melde deg på kurs i Telia Play.
NB. Hugs at me aldri ber deg om oppgje sensitiv informasjon om deg sjølv.

 
 


Kurs på fleire lokasjonar kjem på nyåret

I første omgang retter me oss mot kundar lokalisert på Leikanger, men ein står fritt til å delta sjølv om ein høyrer heime på anna bustadsadresse enn postnummer 6863.

Sognenett kjem til å arrangere kurs i Telia Play i Sogndal, Vik, Aurland og Lærdal på nyåret. 

Forrige
Forrige

Me tek eit djupdykk i teknologien

Neste
Neste

Engasjerte elevar på elektrosamling