Sognenett IT: Nye og miljøvenlege arbeidskameratar på vegen 

Tre karar og tre bilar med logo

Sognenett IT har no fått på plass tre heilelektriske bilar, klare til å rulla ut når kundens behov melder seg.

– Det er viktig for oss å bidra til eit betre klima og utgjera ein forskjell der me kan.  No kjem me oss endå raskare ut til kunden på ein miljøvenleg måte, seier salssjef Svein Ove Bergseth i Sognenett IT.  

 
Tre heilelektriske bilar med splitter ny profilering står no klare for bruk for Sognenett IT. I bilparken står no ein Toyota Proace City electric og to nye bilar av typen Volkswagen ID Buzz klare til bruk. At valet falt på elbil er ikkje tilfeldig. 

- Me i Sognenett IT trur fullt og fast på at elektrisitet er ein betre energiberar enn fossilt brensel. Dessutan kjem ein ikkje forbi at det er rimelegare å halda og driva elektriske bilar.

Svein Ove Bergseth og Sognenett IT er bevisste i sitt val på korleis dei ønskjer å ferdast rundt om i regionen.

Å møta kunden der dei er

Bilane er flott foliert av samarbeidspartnar Folietec, og VIDDE design står for design som mellom anna spelar på ein kombinasjon mellom IT-verda og røff, flott vestlandsnatur i Sogn.  
 
– Me ønskjer at folk skal vita at me er til stades og tilgjengeleg i lokalsamfunna rundt om. Då hjelper det sjølvsagt på med ein stilig logoprofilering som forhåpentlegvis gjer att folk vil kjenne oss att når me er ute og rullar på vegen, seier Svein Ove.  

Sognenett IT har i dag kontor både i Vik, Gaupne og Sogndal. Sjølv om mykje av IT- og  kommunikasjonstenestene kan løysast digitalt, så er det viktig å ha moglegheit til å vera raskt tilgjengeleg for å reisa ut til kunden når behovet melder seg.  

- I Sognenett IT skal me ha moglegheit til å møta kunden der dei er, når dei treng det. Å ha bilar som er tilgjengeleg og av god kvalitet er sjølvsagt viktig både for oss, og ikkje minst for kundane

Bilar på rad og rekke

Ser du desse karane ute på vegen? Då er det berre å ta kontakt for ein prat!

Til dei som ser Sognenett IT-bilane ute på vegane kjem Svein Ove med ei klar oppfordring:  

- Me håpar verkeleg at folk kjem og slår av ein prat med oss. I tillegg er det alltid høve til å stikke innom eit av våre kontor eller til å slå på tråden.

Forrige
Forrige

Tommel opp for vaffel og vårreingjering: - Kundeservice som me skal skryta av

Neste
Neste

Meir fart, meir moro i Sogndal Skisenter