Tommel opp for vaffel og vårreingjering: - Kundeservice som me skal skryta av

Nøgde kundar som får vaflar

Krafttak i vårreingjeringa vart i år lønna med vaflar og kaffi frå Sognenett, til glede for bebuarane i Ulvahaugen Øvre sameige i Sogndal.

Vår og sol betyr dugnad i alle nabolag, og Ulvahaugen Øvre Sameige er ikkje noko unntak. Me stilte opp med Sognenett-vaffel, kaffe og svarte på spørsmål kring internett og Telia Play då bebuarane var samla for å rydde på dei ulike fellesareala.

- Vårreingjeringa er ein av dei viktigaste tradisjonane i sameiget, både fordi det er sosialt men så ser du også kor ivrige dei er dei som bur her, seier styreleiar Oddbjørn Uglum i Ulvahaugen Øvre Sameige i Sogndal.

Det var mange blide fjes i sameiget under den årlege vårreingjeringa torsdag ettermiddag. Sognenett stilte med fersk kaffi og nysteikte vaflar i pausen av dugnaden, til glede for mange frammøtte.

- Sognenett tok sjølv kontakt og ynskte å bidra. Det er kjempeflott, og som ein kan sjå på vaffelkøen i dag er dette noko som blir sett pris på, held Uglum fram.

Vårreingjering

Knapt eit støvkorn får ligga i fred når sameiget tek tak i årets vårreingjering. Uglum beskriv dugnaden som ein viktig sosial hending for sameiget.  

God respons – på vaffel og teneste

Leveransekoordinator for Sognenett Jørgen Finsrud Dale var vaffelsteikar for anledningen og kan bekrefta at vaflane gjekk unna i eit forrykande tempo.

 - Eg har nok aldri steikt vaflar så fort i heile mitt liv, men det er verkeleg berre ein kjekk sak å kunne bidra med noko slikt når det er så god stemning.

Jørgen Dale delar ut vaflar.

Tilbodet er noko Sognenett har ståande til alle sameige og burettslag i regionen, i samband med deira dugnad. Det er også ein fin anledning for oss til å spreie litt ekstra glede for kundar i nærmiljøet, samt sikre at internettenesta fungerer slik den skal ute hjå kunden.

- Dette er ein fin arena å møte kundane våre på og vise at me set pris på dei. I tillegg til å bli betre kjent med dei, får me også gitt informasjon om vår teneste på ein god måte og det blir gjerne stilt ein del spørsmål.

- Det er gjerne nokon som lurer på noko, men som likevel ikkje har teke seg bryet til å ringe kundesenteret vår. Det kan vere alt frå småting som funksjonalitet på TV-løysinga, der litt opplæring er nok, til trådlausdekning. Uansett er me glad for å få moglegheita til å hjelpe med å løyse utfordringane, fortel Finsrud.

- I tillegg var det kjekt å høyra at dei er nøgd – både med vaflane og tenestene til Sognenett.

- Kundeservice som me skal skryta av

Nyleg fornya sameiget med 55 einingar sin avtale med Sognenett frå 2018. Styreleiar Uglum er tydeleg på at dette er ein klar tilbakemelding frå ein nøgd kunde.

- Me er strålande nøgd i sameiget med tenestene Sognenett tilbyr, og valde difor å forlenga. Det er også eit pluss for oss at det er eit lokalt selskap, seier han.

Blid styreleiar med vaffel i handa

Oddbjørn Uglum var blant fleire som rosa Sognenett for kundeteneste men også for kundeservice. Torsdag kveld eksemplifisert via vaffelsteiking og kaffikoking.

Spesielt kundeservicen, som Sognenett tidligare har vunne prisar for nasjonalt, meiner han er svært god.

- Sognenett held jo til nær oss og kjem alltid raskt til og ordnar når me ringer dei. Det er ein fantastisk kundeservice som me skal skryta av, avsluttar han.

Ynskjer du at me skal stille opp for ditt burettslag eller sameie? Ta kontakt med Madeleine.

Forrige
Forrige

Sognenett IT med nytt bedriftssenter i Sogndal sentrum

Neste
Neste

Sognenett IT: Nye og miljøvenlege arbeidskameratar på vegen