Fusjonering og ny salssjef for Sognenett IT

Mobiltek AS fusjonerer med Sognenett IT. T.v: Dagleg leiar Tore Bø side om side med Sognenett IT sin nye salssjef Svein Ove Bergseth.

- Det er spanande å bli ein del av eit allereie godt etablert team. Dette vil vera med å gje eit solid løft retta mot bedriftskundane som me har hatt, seier Svein Ove Bergseth.

Mobiltek AS, betre kjend som Mobit Sogndal, fusjonerer med Sognenett IT og vert ein del av ein reindyrka bedriftssatsing mot telekom og IT i Sogn.

Samstundes vert Svein Ove ny Salssjef i Sognenett IT. Han kjem frå jobben som dagleg leiar i Mobit Sogndal, og er også deleigar i Mobiltek AS.

GJELD Å LEVERA

Sognenett IT vart lansert for berre litt over eit halvt år sidan, men har raskt stabla seg på beina og fått eit fotfeste i Sogn med kontor frå Vik og heilt inn til Gaupne. Med Svein Ove på laget er det ein rutinert travar som kjem inn, med 25 års erfaring frå IT- og telekom bransjen. Sjølv hevdar han å vera svært motivert for å ta fatt på nye arbeidsoppgåver.

Tore og den nye salssjefen har allereie funne tonen.

- Det Sognenett IT har fått til på så kort tid er mildt sagt imponerande. Samstundes gjeld det å levera på produkt og heile tida vidareutvikla tenester og tilbod inn mot marknaden. Det gler eg meg til å få vera med på, seier Bergseth som nyleg kunne melda i lokalavisa at butikkdrift på Amfi Sogningen vert avvikla ved nyttår.  

- Konkurransen på privatmarknaden er tøff og med små marginar, medan auka digitalisering gjer at marknaden retta mot bedrifter stadig blir større. Dette er noko som kjem til å bidra til å heva leveransen vår inn mot bedriftsmarknaden, sa han i ei pressemelding frå Mobit.

EIN SOLID RESSURS

Dagleg leiar i Sognenett IT Tore Bø har dette å seie om å få Svein Ove og Mobiltek på laget:

- Me får no inn ein aktør som har vore ein sentral leverandør på mobil og IT-marknaden i Sogn dei siste 20 åra. Svein Ove vert med si erfaring ein ypperleg salssjef, som eg er heilt sikker på vil vera med å løfta fagmiljøet ytterlegare nokre hakk no når han er ein av oss.

Det er også godt nytt at Sognenett IT med fusjonen får komplettert sin posisjon som totalleverandør mot bedriftsmarknaden, då dei trer inn som medlem av Mobit-kjeden.

Forrige
Forrige

Engasjerte elevar på elektrosamling

Neste
Neste

MK IT vert kjøpt opp av Sognenett IT : - Moro å bli ein del av denne satsinga