Sykkelanlegg på Kaupanger
Sykkelbana på Kaupanger vert hyppig brukt, men den store bruken medfører òg slitasje. Kaupanger Idrettslag og Sogn Terrengsykkel har gått saman om å oppgradere bana og no er kronerullinga i gang!
Styreleiar i Sogn Terrengsykkel, Petter Andreas Strøm, håpar at bana skal kunne stå klar i løpet av våren 2021.
Avhengig av lokalt engasjement
For at realiseringa av sykkelbana på Kaupanger vert ein realitet er Sogn Terrengsykkel i full gong med kronerulling for prosjektet, og dei er ikkje langt unna målet.
- Me opplever eit stort engasjement frå lokale verksemder som ynskjer å bidra med å få sykkelbana istand. Slik det er no smuldrar grusen opp, difor må me få på plass asfaltering for å sikre levetida på bana. Heldigvis er det mange verksemder som kan identifisere seg med denne typen idrett. Støtta me har fått set me umåteleg pris på.
Det er Rekkje Stiutvikling som har designa bana. Ein asfaltering av sykkelbana vil dessutan opna opp for at andre kan nytta bana, og ikkje berre med sykkel.
- Bana kjem til å bli hyppig brukt av dei lokale. Samstundes har me sett at også vitjande syklistar tek bana i bruk. Ved asfaltering av bana håpar me på ein dobling av bruk. Då kan me også tilby ein arena for dei med sparkesyklar, rullebrett og rulleskøyter. Basert på tilbakemeldingane me har fått, er det trygt å seie at dette er eit anlegg som vil bli meget populært. Her har me unge, lovande syklistar heilt ned i to-årsalderen som tråkkar rundt på sykkelen.
Ekstra artig er det for Petter Andreas å sjå spennet i aldersgruppar som tek i bruk bana.
- Det er lett å tenke at dette er eit tilbod for born og unge. Difor er det spesielt artig å sjå 60-70-åringar som fyk over hompane i fartsrus! Det viser at bana er tilrettelagt for alle aldrar.
Verdifullt samarbeid
Prosjektet er nokså omfattande, og Sogn Terrengsykkel er glade for å ha Kaupanger Idrettslag med på prosjektet.
- Samarbeidet med Kaupanger IL er kjempegodt! Dette er eit idrettslag som favnar om mange idrettar, no også sykling. Sogn Terrengsykkel er ein relativt ung gruppe med laus organisering, difor er det så viktig at me har nokon å søkje til for kunnskap og kompetanse. Kaupanger IL har stilt opp og me berre gler oss til samarbeidet vidare.
Sognenett heiar på Sogn Terrengsykkel og gjengen, og me gler oss til å sjå bana i tipp-topp stand i 2021!
Ynskjer du også å støtte sykkelbana på Kaupanger? Klikk deg inn her