- Fin måte å unngå å verte «sitjande fast» på guterommet

Kameratane Ole Stedje og Odd Kristian Feten storkosa seg under Gym & Gaming-arrangementet i Sogndal, som gjekk av stabelen i haustferien.

- Dette er eit bra opplegg, som mange av oss har mykje glede av, seier kameratane Ole Stedje og Odd Kristian Feten.

Dei to var blant dei oppmøtte ungdomane som storkosa seg då det i haustferien vart arrangert Gym and Gaming på Fosshaugane campus i Sogndal.

Saman med andre gaming-entuasiastar kunne kameratane engasjera seg i data, videospel og fysiske aktivitetar, i tillegg til å få servert ein god lunsj. Dei positive følgjene frå eit slikt opplegg er fleire, meinar dei to:

- For oss er det jo moro å kunne møtast og game saman. Å møtast fysisk er annleis enn å møtast digitalt. Det er ein fin måte å unngå å verte «sitjande fast» på guterommet. Og så er det bra med litt fysisk aktivitet innimellom slaga.

Gym & Gaming flyttar den sosiale møteplassen frå det digitale til det fysiske, noko ungdomane ser ut til å setje pris på.  

å Skapa ein sunn balanse

Arrangementet var ein del av eit sponsa tiltak i regi av Sognenett og Mobit gjennom Idrettssenteret sitt inkluderingsfond. Inkluderingsfondet vart oppretta i fjor, og tek sikte på fem årlege arrangement over ein treårsperiode. Også kommunen har bidrege gjennom midlar frå Bufdir.

Tiltaket er eit lågterskel-tilbod for ungdom i Sogn, retta mot å skapa ein sunn balanse mellom fysisk aktivitet og gaming, og mellom den digitale og fysiske sosiale møteplassen.

- Og så er det eit tilbod for dei som kanskje ikkje har så mykje spanande aktivitetar som skjer, til dømes no i haustferien, då ikkje alle familiar reiser på hyttetur eller til syden, seier avdelingsleiar for GG Sogndal ved idrettsenteret, Håkon Bøyum.

Avdelingsleiar for GG Sogndal, Håkon Bøyum, meiner tiltaket har vorte godt motteke blant dei unge, og nyttar høvet til å takka Sognenett for den økonomiske «drahjelpa».

- Dette var det sjette arrangementet sidan tiltaket starta opp. Responsen har førebels vore svært god, fortel Bøyum.  

- Me får gode tilbakemeldingar både frå dei som deltek, men også frå til dømes foreldre som tykkjer dette er eit positivt tiltak. Ein ser også at stadig fleire melder seg på arrangementa våre, noko eg tenkjer er positivt. Samstundes ser me at dette er noko som kostar å arrangere. Difor er me svært takknemleg for å ha ein samarbeidspartnar som Sognenett som er med på å mogleggjera dette. Det visar ein aktør som bryr seg om lokalsamfunnet og ynskjer å bidra til å skapa noko positivt.

- Tilbakemeldingane på opplegget er svært gode, meiner Bøyum.

Samfunnsnytte

Leiar for marknad og forretningsutvikling Hilde Østbø er glad for at Sognenett kan vera med på å utgjera ein forskjell i lokalsamfunnet, i positiv forstand.

- For oss i Sognenett er det viktig å ta del i gode lokale tiltak, og bidra så godt me kan der me trur at det vil skapa ein samfunnsnytte. Gym & Gaming-tiltaket er eit godt døme på dette.

- Me ser fram til fleire gode år med eit godt samarbeid vidare, avsluttar ho.

Forrige
Forrige

Oppdaterte vilkår for privatkundar

Neste
Neste

Nytt fjes på plass i Sognenett IT: - Ei frisk satsing