ADSL - breiband gjennom telefonlinja

ADSL er den eldste av DSL-teknologiane. Med det nyaste ADSL-utstyret (ADSL2+), kan ein teoretisk oppnå 24,0 Mbit/s i nedlasting, og 1,3 Mbit/s i opplasting. Av erfaring, oppnår ein ikkje dette i praksis grunna lengde og kvalitet på koparlinja frå sentralen og heim til deg.

Hastigheita avtar allereie ved rundt 1,5 km frå sentralen. Anbefalt lengde på linja er under 3,0 km, men me har fått ADSL til å virke for kundar som er meir enn 5 km unna sentralen også. Då vert gjerne hastigheita nokså låg, og nettet er ofte meir ustabilt dess lenger ein er frå sentralen.

* Etableringspris føreset ein bindingstid på 24 månadar frå oppkobling.
Etableringskostnad vert kr 1500,- dersom du veljer utan bindigstid.
Tilleggskostnad for kundar utan fasttelefon:
Klargjering av linje ved installasjon kr 990,-.
Linjeleige kr 80,- per månad.
Frakt ved utsending av utstyr vert etter postens takster.
Hastighet: oppgjevne hastigheiter syner eit intervall mellom lågaste og høgaste nettohastigheit levert til modemet. Oppnådd hastigheit er avhengig av kvalitet og lengde på linja frå sentralen.

Prisar

Alle prisar er oppgjevne i norske kronar og eks. mva. 

Bindingstid og oppseiingstid

Alle abonnement har ein bindingstid på 24 månadar gjeldande frå oppkoplingsdagen, med mindre anna er skriftleg avtalt. Oppseiingstida er ut påfølgande månad rekna frå den dagen me har motteke ein skriftleg oppseiing.

Hastigheit

Hastigheit oppgjeven under dei ulike abonnementane er dei maksimale nettohastigheitene. Reell hastigheit hjå deg vil vere avhengig av kvalitet og lengde på linja frå sentralen. Sognenett er berre ansvarleg for hastigheit fram til første tilkoplingspunkt. Trådlaus hastigheit påverkast av ulike faktorar som Sognenett ikkje kan rå over.

Generelle vilkår

Generelle vilkår (PDF)

VDSL - meir fart gjennom telefonlinja

VDSL gjev høg hastigheit gjennom koparnettet, og er tilgjengeleg i sentrum av Sogndal, Lærdal, Aurland og Flåm. Teoretisk kan ein oppnå 52 Mbit/s i nedlasting, og 16 Mbit/s i opplasting. I likheit med ADSL, får ein heller ikkje denne hastigheita i praksis sidan kapasitet er avhengig av både kvalitet og lengde på linja frå sentralen.

Rekkevidda på VDSL er nokså kort og adressa bør difor vere i nærleiken av sentralen. I praksis bør linjelengda vere kortare enn 1100 meter.

* Etableringspris føreset ein avtaleperiode på 24 månadar frå oppkobling. 
Etableringskostnad vert kr 1500,- utan avtaletid.
Tilleggskostnad for kundar utan fasttelefon:
Klargjering av linje ved installasjon kr 990,-.
VDSL har ikkje ekstra linjeleige.
Frakt ved utsending av utstyr vert etter postens takster.
Hastigheit: oppgjevne hastigheiter syner eit intervall mellom lågaste og høgaste nettohastigheit levert til modemet. Oppnådd hastigheit er avhengig av kvalitet og lengde på linja frå sentralen.