ADSL - levert gjennom telefonlinja

ADSL er den eldste av DSL-teknologiane. Med det nyaste ADSL-utstyret (ADSL2+), kan ein teoretisk oppnå 24,0 Mbit/s i nedlasting, og 1,3 Mbit/s i opplasting. Av erfaring, oppnår ein ikkje dette i praksis grunna lengde og kvalitet på koparlinja frå sentralen og heim til deg.

Hastigheita avtar allereie ved rundt 1,5 km frå sentralen. Anbefalt lengde på linja er under 3,0 km, medan lengre avstand gjer at hastigheita vert nokså låg. Nettet er ofte meir ustabilt dess lenger ein er frå sentralen.

Ved bestilling av abonnement vel du det abonnementet du ynskjer og me sjekkar linjelengda for deg. Om det ikkje er mogleg å levere abonnement som du har bestilt, vil me føreslå eit anna alternativ for deg. 

* Etableringspris føreset ein bindingstid på 12 månadar frå oppkobling. 
Etableringskostnad vert kr 990,- dersom du veljer utan bindingstid.
Tilleggskostnad for kundar utan fasttelefon:
Klargjering av linje ved installasjon kr 650,-.
Linjeleige kr 99,- per månad.
Frakt ved utsending av utstyr vert etter postens takster.
Hastigheit: oppgjevne hastigheiter syner eit intervall mellom lågaste og høgaste nettohastigheit levert til modemet. Oppnådd hastigheit er avhengig av kvalitet og lengde på linja frå sentralen.

E-postkonto og Webmail: 

Sognenett leverer inntil fem e-postkontoar til kvart internettabonnement, med tilhøyrande webmail. Desse kan brukast så lenge du har eit aktivt internettabonnement hjå oss. Kvar e-postkonto får opptil 15 Gigabyte lagringsplass inkludert i abonnementet.

Kontakt kundesenteret dersom du ynskjer å få oppretta epost-adresse(r).

Sikkerheit og spamfiltar

E-postadressene som du får oppretta hjå Sognenett har både spam- og virusfilter.

Det trådlause multimodemet frå Sognenett er sikra med både innvendig brannmur og kjem ferdig levert med passordbeskytta trådlaust nettverk. Passord til ditt trådlause nettverket står alltid på baksida av multimodemet. 

Prisar

Alle prisar er oppgjevne i norske kronar og inkl. mva. 

Bindingstid og oppseiingstid

Alle abonnement har ein bindingstid på 12 månadar gjeldande frå oppkoplingsdagen, med mindre anna er skriftleg avtalt. Oppseiingstida er ut påfølgande månad rekna frå den dagen me har motteke ein skriftleg oppseiing.

Hastigheit

Hastigheit oppgjeven under dei ulike abonnementane er dei maksimale nettohastigheitene levert til modemet. Reell hastigheit hjå deg vil vere avhengig av kvalitet og lengde på linja frå sentralen og heim til deg. Trådlaus hastigheit i heimen påverkast av ulike faktorar som Sognenett ikkje kan rå over. Meir informasjon om trådlaust internett finn du under Kundesenter.

Fullstendige vilkår

Generelle vilkår (PDF)

VDSL - meir fart levert gjennom telefonlinja

VDSL gjev høg hastigheit gjennom koparnettet, og er tilgjengeleg i sentrum av Sogndal, Lærdal, Aurland og Flåm. Teoretisk kan ein oppnå 52 Mbit/s i nedlasting, og 16 Mbit/s i opplasting. I likheit med ADSL, får ein heller ikkje denne hastigheita i praksis sidan kapasitet er avhengig av både kvalitet og lengde på linja frå sentralen.

Rekkevidda på VDSL er nokså kort og ein bør difor bu i nærleiken av sentralen. I praksis bør linjelengda vere kortare enn 1100 meter.

* Etableringspris føreset ein bindingstid på 12 månadar frå oppkobling.
Etableringskostnad vert kr 990,- dersom du veljer utan bindigstid.
Tilleggskostnad for kundar utan fasttelefon:
Klargjering av linje ved installasjon kr 650,-.
VDSL er utan ekstra linjeleige.
Frakt ved utsending av utstyr vert etter postens takster.
Hastighet: oppgjevne hastigheiter syner eit intervall mellom lågaste og høgaste nettohastigheit levert til modemet. Oppnådd hastigheit er avhengig av kvalitet og lengde på linja frå sentralen.