Film- og serienyheiter med Play

PLAY gjev deg tilgang til tusenvis av nye filmar og seriar som oppdaterast kvar einaste veke. Her finn du mellom anna Get filmleige og abonnementtenester som Visasat, C More og Cirkus.

Slik leiger du film

  1. Vel PLAY i hovudmenyen og trykk «OK»
  2. Vel det du ynskjer å sjå og stadfest kjøpet med PIN 1
  3. Filmar du har leigd vil vere tilgjengeleg i MINE OPPTAK under LEIDE FILMER i 48 timar
  4. Leigde filmar belastast på din neste faktura frå Get

Kva betyr stjernene i PLAY?

Du har kanskje lagt merke til 5 stjerner ved sidan av titlane i PLAY? Her får du vite kva dei betyr og kva rangeringa er basert på.

Alle titlane i PLAY er tildelt ein rangering på ein skala beståande av 5 stjerner:

* * * * * Ein klassikar i sitt slag, svært høg kvalitet

* * * * Utmerka, høg kvalitet

* * * Fin film, vellaga

* * Gjennomsnittleg

* Dårleg

Get sin rangering er laga for å reflektere tittelens kunstnariske kvalitet i sin sjanger. Dette er ikkje ein personleg anbefaling, men ein rangering som er satt saman av filmen eller seriens rangering hjå IMdB, Rotten Tomatoes og Metacritic.
Get ser ikkje noko hensikt i å nedgradere ein høgkvalitetsfilm fordi den kan være litt valdeleg, eller tildele ein lav rangering til ein god familiefilm fordi den ikkje appellerer til alle – ta difor personleg smak og sjanger med i vurderinga sjølv når du vel film.

Sjå tabellen nedanfor for eksempel på rangering:

TIPS!

Leig filmen heime og ta den med på tur!

Du kan hente fram filmen i Get TV-app under "LEIDE FILMER I MITT ARKIV" og du har tilgang i 48 timar. 

 

karusell2-700x394.png