Miniguide

Miniguiden gjev deg ein rask oversikt av det du ser på, og kva som kjem på kanalen.

Miniguiden er eit godt alternativ til TV-guiden og hjelper deg enkelt med å finne ut kva som går på dei andre kanalane akkurat no. Med miniguiden kan du skifte til kanalen du ynskjer, og sjå kva som kjem på kanalen seinare eller velje å sjå noko frå kanalen i Reprise.

Slik opnar du Miniguiden

Trykk på høgre pil når du ser på TV. Ved å trykke opp eller ned får du tilsvarande oversikt på dei andre kanalane utan å skifte kanal.