Kjende feil

Ettersom dette produktet fortsatt er under utvikling gjer me deg merksam på at Get har nokre kjende feil som dei jobbar med å rette. Dei aller fleste problema du opplever vil løysast om du startar boksen på nytt. Du kan starte boksen på nytt ved å halde knappen framme på boksen inne i 5 sekunder, eller ved å dra ut strømkabelen og setje den inn igjen.

Her er nokon av dei kjende feila som Get jobbar med å utbetre:

Opplever du ustabilitet eller treg navigering?
Dersom du opplever ustabilitet eller treg navigering på din Get box II, kan dette løysast ved å starte Get box II på nytt; hald inne knappen framme på boksen i 5 sekunder.

Problem med Get TV-app
Det same gjeld om du har problem med å sjå TV eller opptak på Get TV-app når du er på heimenettet; start boksen på nytt ved å halde knappen framme på boksen inne i 5 sekunder. Ved slike problem vil du kunne oppleve at det tek unormal lang tid å bytte kanalar (inntil 15 sekunder), eller at ein feilmelding kjem opp i appen.

Om Start Forfra og Reprise ikkje fungerer
Det er viktig at boksen til ein kvar tid har nettverksforbindelse. Ved tap av internett eller ved strambrot vil du kunne oppleve at programbileter vert grå og at tenester som Start forfra og Reprise ikkje fungerer. Skjer dette – ta straumen ved å trekkje ut straumkabelen til boksen i nokre sekundar.

Boksen tek opp meir enn eg ber om
Du kan kanskje oppleve at boksen nokre gonger tek opp reprisar ved serieopptak. Dette vil bli løyst i ein seinare programvareoppdatering slik at det ikkje opptek unødig mykje opptaksplass. 

MERK: vel du å starte opp Get box II på nytt vil dette avbryte opptak som skjer akkurat no på Get-boksen.