Fire opptak samstundes

Når eit program er satt til opptak vil det vere merka med ein raud prikk i TV-guiden.


Er du redd for at opptaka skal gå i ball når du er på ferie? Med oppgradert Get box II kan du setje fire program på opptak samstundes.

Opptaka vert lagra i "MITT ARKIV". Der finn du dei nyaste opptaka som programplakatar, trykkjer du deg inn i arkivet ser du at seriar er gruppert som sesongar slik at det er enkelt å finne fram.

TIPS!
Gløymde du å setje på opptak? Du kan setje på opptak uansett kor du er, rett frå Get TV-appen.

Slik set du program på opptak

  1. Trykk på fjernkontrollen for å ta opp
  2. Trykk to gonger for serieopptak
  3. Trykk ein gong til for å avbryte.