Ein heilt ny TV-meny

Hent opp hovudmenyen ved å trykkje «HJEM» på fjernkontrollen. 

Hovudmeny

Frå venstre ser du «MIN GET» kor du kan endre innstillingar, velje kanalar og kjøpe premiumpakkar. Under «APPER» finn du ei rekkje kjende tenester frå nett-TV-verden. No kan du ta opp inntil fire programmer samstundes, og under «MITT ARKIV» har Get samla alle opptaka dine og filmar du har leigd.

«TV» tek deg inn i TV-menyen og her vil du finne anbefalingar på program som går på TV akkurat no. I «REPRISE» finn du tusenvis av program som har vorte sendt dei siste 7 dagane på dei mest populære kanalane. Under «PLAY» kan du leige filmar og seriar, med «SØK» kan du leite etter innhald basert på sjanger, skodespelar eller tittel.

Du kan også nytte plakatane under hovudmenyen som snarveg til program. Vel program og trykk på «OK» for å gå direkte til programmet.

TIPS!
Du kan ta opp program du likar direkte frå plakatane.