Radio - breiband levert gjennom lufta


Radio er ein form for breiband som går via ei trådlaus-antenne (mottakar) på husveggen. Denne knyttar seg til ein av våre basestasjonar, som igjen er tilknytta internett. Inne i huset vert det i tillegg satt opp ein router, som lar einingane (PC, nettbrett, mobil, mm.) i bustaden kople seg til internett via lokalt trådlaust nett (WiFi), eller med kabel.

Normal leveringstid er tre veker frå me har motteke bestillinga.


* Etableringspris føreset bindingstid på 12 månadar frå oppkobling. Etableringskostnad vert kr 5980,- dersom du veljer utan bindigstid.
Frakt ved utsending av utstyr vert etter postens takster.
Hastighet: oppgjevne hastigheter er maksimale nettohastigheiter. Oppnådd hastighet fram til modemet vil vere avhengig av kor god sikt ein har til basen.

E-postkonto og Webmail: 

Sognenett leverer inntil fem e-postkontoar til kvart internettabonnement, med tilhøyrande webmail. Desse kan brukast så lenge du har eit aktivt internettabonnement hjå oss. Kvar e-postkonto får opptil 15 Gigabyte lagringsplass inkludert i abonnementet.

Kontakt kundesenteret dersom du ynskjer å få oppretta epost-adresse(r).

Sikkerheit og spamfiltar

E-postadressene som du får oppretta hjå Sognenett har både spam- og virusfilter.

Det trådlause multimodemet frå Sognenett er sikra med både innvendig brannmur og kjem ferdig levert med passordbeskytta trådlaust nettverk. Passord til ditt trådlause nettverket står alltid på baksida av multimodemet. 

 

Prisar

Alle prisar er oppgjevne i norske kronar og inkl. mva. 

Bindingstid og oppseiingstid

Alle abonnement har ein bindingstid på 12 månadar gjeldande frå oppkoplingsdagen, med mindre anna er skriftleg avtalt. Oppseiingstida er ut påfølgande månad rekna frå den dagen me har motteke ein skriftleg oppseiing.

Hastigheit

Hastigheit oppgjeven under dei ulike abonnementane er dei maksimale nettohastigheitene. Reell hastigheit hjå deg vil vere avhengig av signalkvalitet mellom antenna hjå deg og basen, samt tilgjengeleg kapasitet. Trådlaus hastigheit i heimen påverkast av ulike faktorar som Sognenett ikkje kan rå over. Les meir her om korleis du kan optimalisere den trådlause hastigheita i heimen.

Fullstendige vilkår

Generelle vilkår (PDF)