Utbygging og installasjon av fiber til heimen


1. Utbyggingsprosess


Fiberutbygging.jpg

Oppslutnad ved sal påverkar utbyggingsstart

Utbygging av eit prosjekt vert endeleg vedteke når naudsynt tal signerte avtalar er på plass. Salsprosess og oppslutnad vil difor kunne påverke kor raskt eit prosjekt kan setjast i gang.

Utsendelse av informasjon om utbyggingsstart

Ved utbyggingsstart vil alle som har bestilt fiber til heimen få tilsendt informasjon om utbygginga og kontaktinformasjon til ansvarleg entreprenør.

Leveranse av fiber i eit ferdig utbygga område

Normal leveringstid for fiber til heimen i eit ferdig utbygd område er 5 veker, med atterhald om uføresette hendingar. Dersom du skal utføre eigeninnsats med graving på tomta di, så skal fiberrøyr hentast hjå ditt lokale energiselskap. Oppgje ynskja lengde på fiberrøyret ved å kontakte dei før henting.

Me gjer merksam på at leveringstid vert lengre dersom eigensinnsatsen ikkje er utført i løpet av dei to første vekene etter bestilling av fiber til heimen.


2. Eigeninnsats - graving av fiberrøyr på tomt


I kva slags høve må ein utføre eigeninnsats med graving?

Sjølve utbygginga startar med at entreprenøren legg ned fiberkabel i ditt nærområde og førar fiberrøyret fram til avtalt punkt eller tomtegrensa di. Dei fleste husstandane får fiber gjennom nedgravd kabel og ein må sjølv føre fiberrøyret vidare inn til husveggen.

Luftstrekk vert valt for husstandar som allereie har luftstrekk til straum. Dersom ein ikkje ønskjer luftstrekk må ein kontakte prosjektleiar hjå ansvarleg entreprenør.

Har du allereie fiberrøyr inn i bustaden frå før?

I enkelte hus ligg fiberrøyr saman med straumkabel inn i bustaden. Om røyret ligg bak tildekking i sikringsskap, må røyret førast ut av sikringsskapet før installasjon av fiber til heimen kan gjennomførast. Dette må utførast av elektrikar og huseigar må ta denne kostnaden.

I nyare hus med den tekniske standarden NEK399 skal det vere strekt fiberkabel mellom tilknytingsskap på yttervegg og eigen koplingsboks på innsida. Dersom det ikkje er strekt fiberkabel mellom desse punkta, må det gjerast av elektrikar før installasjon av fiber til heimen kan utførast og huseigar må ta denne kostnaden.

Om eigeninnsats og graving av fiberrøyr

Entreprenøren legg ned fiberkabel i ditt nærområde og legg fiberrøyret fram til avtalt overleveringspunkt eller tomtegrensa.

Så snart fiberrøyret er lagt fram til avtalt overleveringspunkt, må husstanden føre fiberrøyret vidare til husveggen på ein forsvarleg måte. Det er viktig at dette vert gjort snarleg for å sikre at installasjon av fiber til heimen ikkje vert forsinka.

Ved rekkjehus vil entreprenøren føre fiberen heilt fram til enden av rekkjehuset.

Treng du lengre røyr en det som er lagt ved din tomtegrense, kontakt graveentreprenør (når prosjektet er under utbygging) for å få dette.

Fiberrøyr som ikkje er nedgravd innan prosjektets ferdigstilling vil ikkje verte oppkopla, og vert fakturert for manglande tilrettelegging (sjå prisar og vilkår).

Val av trasé ved graving

Fiberrøyr bør leggast heilt fram til yttervegg i nærleiken av der ein ynskjer fibermodem og der eventuelt Get TV skal vere plassert. Helst ein plass der ein oppheld seg mest, som t.d stova/opphaldsrom.

Notér gjerne ned traséen for fiberrøyret med tanke på framtidige inngrep på tomta eller for nye eigarar. Me gjer merksam på at skade på fiberkabel- og røyr på privat grunn er kunden sjølv ansvarleg for.

Unngå skarpe svingar på fiberrøyret.

Tildekking av fiberrøyr ved graving

Grav fiberrøyret ned tilstrekkelig (20-30 cm) så det ikkje vert øydelagt av grasklippar, kantklippar, snømåking eller andre årsaker.

Fiberrøyret er ikkje herda mot UV-stråling og må skjermast for støyt og direkte sollys. Pass derfor på at fiberrøyret er forsvarleg dekka over, frå tomtegrensa og inn til vegg.

Unngå skarpe svingar på fiberrøyret, då dette kan gjere at ein får skade på fiberen eller at ein ikkje får ført fiberen gjennom røyret.

På stader der fiberrøyret ikkje kan dekkast fullstendig av jord eller tilsvarande massar, kan ein nytte ein hageslange eller anna beskyttelsesrøyr. Ligg røyret trygt, men er utsett for lys kan de og nytte måling for å sikre at røyret vert UV beskytta.

Dekk til opninga av fiberrøyret med til dømes teip for å unngå at det kjem fukt inn i røyret.

Treng du hjelp med å legge ned fiberrøyr på tomta di?

Om du treng du hjelp til å legge ned fiberrøyr på di tomt, må dette avtalast direkte med graveentreprenør for å få utført det som eit eige oppdrag.


3. Plassering av fibermodem ved installasjon


Generelt om plassering av fibermodemet

Fibermodemet vert installert av installatør, i samråd med deg. Tenk over kvar det høver å ha modem i din bustad. Fibermodemet vert installert innan 10 meter frå innføring på husvegg. Ynskjer ein lenger kabel, må dette avtalast med installatør på førehand. Kostnad for internkabling utover dei første 10 meterane for fibermodemet vert fakturert direkte frå entreprenør til husstanden.

Fibermodemet vert installert på vegg og ikkje lenger enn 1,5 meter frå eit straumuttak for å unngå skøyteleidning.

Fibermodemet bør plasserast sentralt i huset i høve til der ein vil ha tilgang på trådlaust internett. Den trådlause rekkevidda er avgrensa, og vegger dempar dei trådlause signala. Har du eit stort hus kan det vere naudsynt å oppgradere med fleire trådlause punkt for å sikre trådlaus dekning i heile heimen.

Plassering av fibermodemet med Get TV

Fibermodemet bør plasserast i nærleiken av TV dersom du skal ha Get TV. Det følgje med ein kabel på 1,5 meter. Treng du lenger kabel, må du sjølv skaffe dette. Vårt Kundesenter kan gje råd om kva du treng og har også eit lite lager av kabel i ulike lengder.

Me gjer merksam på at TV-dekodarene må vere kabla mot fibermodemet. Internkabling for dette er ikkje inkludert i etableringskostnaden, men entreprenør kan gjere det som eit ekstraoppdrag for deg ved avtale på førehand. Du vil då få faktura frå entreprenør for slikt ekstraarbeid.


4. oppkopling av internett og get tv


Pålogging trådlaust internett

Namn og passord til det trådlause nettverket finn du på bak-/undersida av fibermodemet.

Oppkopling Get TV

TV-dekodarane må vere kopla til fibermodemet med vanleg datakabel (Cat5/6), samt TV-apparatet med ein HDMI-kabel. Det føl med rettleiing for oppkopling i eska til dekodaren, samt ein HDMI-kabel som er 1,5 meter lang.

Du finn også rettleiingane direkte på Get.no.


Utvid den trådlause dekninga ved behov


For den beste trådlause internettopplevinga i heimen

Har du opplevd at det ikkje alltid er mogleg å få til ein optimal trådlaus dekning i heile bustaden med berre ein trådlaus sendar i heimen? Årsaka til dette er ofte fysiske hindringar og trådlaust støy som påverkar dei trådlause signala. Me tilrår difor at ein alltid vurderar behovet for fleire trådlause aksesspunkt (tilgangspunkt/sendarar) i bustaden, særs dersom ein ynskjer større trådlaus dekning enn det som føl med fibermodemet.

Jo fleire punkt ein har, jo betre dekning vil du få. Dette gjeld likevel ikkje dersom ein har satt opp forskjellige trådlause aksesspunkt som ikkje snakkar saman, og som forstyrrar dei trådlause signala til kvarandre.

Produktet AirTies Air 4920 optimaliserer nettverkskapasiteten med jamn trådlaus dekning og hastigheit, gjennom eitt nettverk der kvar eining ikkje forstyrrar kvarandre.

Når du har kopla deg til AirtTies-nettverket, så tek det hand om kva slags aksesspunkt som gjev deg det beste trådlause signalet for akkurat der du befinn deg i bustaden. Når du forflyttar deg rundt i bustaden vil dei heile tiden søke etter å kople deg opp mot det aksesspunktet som kan gje deg best trådlaus oppleving - utan at du må gjere eit aktivt val.

Enkel installasjon og bruk

Klargjort med eitt nettverksnamn- og passord og saman utgjer AirTies-aksesspunktane eit smart nettverk. Dei vel kva slags trådlaust punkt mobilen, nettbrettet eller datamaskinen din vert tilkopla, basert på kvar det er best dekning.

Kor mange AirTies tilrår me til ein vanleg husstand?

Storleik på bustaden avgjer kor mange trådlause punkt som er naudsynt for optimalt trådlaus dekning. I dei tilfella der fibermodemet ikkje er tilstrekkjeleg vel dei fleste å starte med "Bustadspakka" som inkluderar tre aksesspunkt. Ein kan oppgradera med fleire trådlause punkt etter behov.

Kvifor oppgradere heimen med AirTies?

Enkel installasjon med smart nettverk rett ut av boksen. Brukarrettleiing følgjer med.

Slutt på dødsoner, få dekning i heile bustaden med eitt trådlaust nettverk.

Skalerbar for bustader i alle storleiker. Enkelt å oppgradera med fleire trådlause punkt etter behov.

Klient- og bandstyring: same nettverksnamn og passord overalt, du koplast automatisk til der effekten er best; på 2,4GHz eller 5GHz frekvens. Du slepp å bytte tilkopling etter kvart som du bevegar deg i bustaden.

Nettverksportar på baksida av aksesspunktet. Om du i dag har ein SmartTV eller PC som du ikkje får kabla direkte i modemet grunna lang avstand, så kan du nytte portane på ein av Airties-einingane.

AirTies App gjev deg moglegheit for å sjekka signalstyrke, sjå kven som er tilkopla nettet og gjere enkel konfigurasjon. Tilgjengeleg på iOS og Android.

Automatisk oppdatering. Du slepp å manuelt oppdatere programvara i kvar enkelt AirTies-eining.

Bustadspakka

AirTies Air 4920 - 3 stk.

kr 2 999,-

air-4920-fra-venstre.png

Single

AirTies Air 4920 - 1 stk.

kr 1 099,-

Om bestilling av AirTies Air 4920

Stadfesting på bestilling

Du vil få tilsendt ein stadfesting på bestillinga så snart denne er behandla. 
Bestilling føreset at du er kunde hjå Sognenett eller har bestilt fiber til heimen.

Fakturering
Faktura for bestilt produkt vert tilsendt iht. din fakturaavtale saman med faktura for internettabonnementet.
Fakturegebyr kjem i tillegg dersom du ikkje har oppretta eFaktura. 

Leveringstid / utlevering av utstyr

Utstyr kan hentast på vårt hovudkontor i Sogndal så snart du har motteke ein ordrestadfesting og kan tas i bruk med ein gong - uavhengig om du har ein anna internettleverandør medan du ventar på fiberinstallasjonen.

Ved sending per post tek det rundt 3-5 arbeidsdagar. Du slepp henting eller forsendelse per post dersom du bestill montør for oppkopling av det trådlause nettet. 

Utstyr kan også leverast samtidig med installasjon av fiber til heimen, med føresetnad om at me har motteke din bestilling minimum 5 dagar før installasjonsdato.