Lærling: kontorfag (1 stilling)

Sognenett AS er størst på fiberutbygging i Sogn. Me sel, byggjer ut og driftar fiberbreiband til privatkundar, bedrifter og offentlege kontor. Der me endå ikkje kan levere fiber tilbyr me internett gjennom radioteknologi og xDSL. Sognenett er Get-partnar om TV-distribusjon til våre kundar. Selskapet er i sterk vekst og var Gasellebedrift i både 2014, 2015 og 2016. Ved hovudkontoret i Sogndal er me 18 tilsette som har ansvar for eit breitt fagfelt innan alt frå drift og utvikling til kundeservice og sal.


Sognenett søkjer no etter lærling i kontor- og administrasjonsfaget som ynskjer å vere ein del av vår kundeteneste i Sogndal.

Me føl læreplanen din med utgangspunkt i våre fagområder, og du vil difor få ein variert arbeidskvardag med gode moglegheiter for personleg utvikling. Vår kundeteneste vann nyleg kundeserviceprisen innanfor breibandskategorien og me har store ambisjonar. Ynskjer du å bli ein del av laget vårt under læretida di?

Ønska kvalifikasjonar

  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Gode datakunnskapar og teknisk forståing.

Personlege eigenskapar

  • Serviceinnstilt og positiv
  • Engasjert, effektiv og initiativrik
  • Gode samarbeidsevner
  • Strukturert og nøyaktig
  • Trivast i dialog med andre mennesker

Me tilbyr

  • Spennande arbeidskvardag med gode utviklingsmoglegheiter
  • Engasjert og inkluderande arbeidsmiljø
  • Vere med på utviklinga av eit selskap i sterk vekst
  • Konkurransedyktige vilkår.

Send søknad med CV, vitnemål og attestar til:

jobb@sognenett.no eller Sognenett AS, Dalavegen 25, 6856 Sogndal (merk: Lærling kontorfag).

  • Søknadsfrist: 5. juni 2018
  • Oppstart: etter avtale

For nærare opplysningar, ta kontakt med:

Marknadsleiar
Christine Helen Førde
e: chf@sognenett.no
t: 480 87 333