Sommarjobb Kundeservice/Leveranse (2 stillingar)

Sognenett AS er størst på fiberutbygging i Sogn. Me sel, byggjer ut og driftar fiberbreiband til privatkundar, bedrifter og offentlege kontor. Der me endå ikkje kan levere fiber tilbyr me internett gjennom radioteknologi og xDSL. Sognenett er Get-partnar om TV-distribusjon til våre kundar. Selskapet er i sterk vekst og var Gasellebedrift i både 2014, 2015 og 2016.

Ved hovudkontoret i Sogndal er me 18 tilsette som har ansvar for eit breitt fagfelt innan alt frå drift og utvikling, til kundeservice og sal.
Kundeservice/leveranse høyrar innunder marknadsavdelinga.

Arbeidsoppgåver:

  • Kunde- og montørkontakt på telefon og e-post/skriftlege medium

  • Rettleiing og support

  • Feilsøking og feilretting

  • Ordrehandtering

  • Oppfølging av kundar

  • Andre oppgåver som fell naturleg innanfor avdelingas gjeldande ansvarsområde

Ønska kvalifikasjonar

  • Erfaring innan kundebehandling

  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne

  • Gode datakunnskapar og teknisk forståing

  • Det er eit føremon med teknisk interesse eller utdanning

Personlege eigenskapar

  • Serviceinnstilt og positiv

  • Engasjert, effektiv og initiativrik

  • Sjølvstendig og løysingsorientert - du finn den beste løysinga for kunden.

  • Gode samarbeidsevner

  • Strukturert og nøyaktig

Me tilbyr

  • Spennande arbeidskvardag med gode utviklingsmoglegheiter

  • Engasjert og inkluderande arbeidsmiljø.

  • Konkurransedyktige løn- og arbeidsvilkår.

  • Sommarjobb: 100 %.

Send søknad med CV, vitnemål og attestar til:

jobb@sognenett.no eller Sognenett AS, Dalavegen 25, 6856 Sogndal (merk: Søknad sommarjobb).

  • Søknader vurderast fortløpande frå april.

  • Oppstart og varigheit etter avtale

For nærare opplysningar om stillingen, kontakt:

Marknadsleiar

Christine Helen Førde
e: chf@sognenett.no
t: 480 87 333