Vår noverande marknadsleiar skal flytte tilbake til heimbyen sin og me søkjer difor etter hennar etterfølgjar. Ønskjer du å vere med og utvikle eit selskap i vekst, med kontorstad sentralt i Sogndal og kort veg til majestetisk natur?

Me ser etter deg med kommersiell teft og marknadsorientert forretningsforståing, gjerne med røynsle frå telekombransjen. Hjå oss vil du jobbe like mykje strategisk som operativt, og du vil vere ansvarleg for å utarbeide marknadsplanar og gjennomføre desse. Vår nye marknadsleiar har god røynsle med digitale marknadsføringskanalar og er ein person som stadig søkjer etter nye moglegheiter for utvikling og forbetring. Du er god til å planleggje og gjennomføre aktivitetar som bidreg til å nå måla våre.

Stillinga har eit stort ansvarsområde og arbeidsoppgåver som inkluderer leiing, kommunikasjon, innovasjon, forretningsutvikling og marknadsføring. Du må ha evne til å vere sjølvstendig og kreativ, samstundes som du er tydeleg i dialog med andre.

Som marknadsleiar har du personal-, budsjett og resultatansvar for marknadsavdelinga. Avdelinga har eigne konsulentar som jobbar med sal til privat- og bedriftsmarknaden, oppfølging og leveranse av tinga tenester, samt kundeservice. Hjå oss vil du vere ein del av leiargruppa og få stor påverknadskraft for vår vidare utvikling.

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • Leie og inspirere marknadsavdelinga slik at me kvar dag skapar gode, og stadig betre, kundeopplevingar.

  • Ansvar for merkjevara Sognenett og all ekstern kommunikasjon.

  • Ansvar for publisering og analysering av innhald i relevante medier.

  • Ansvar for alle sponsoravtalar, inkludert forhandling og oppfølging av desse.

  • Ansvar for utvikling av kundereisa og tiltak som bidreg til nøgde kundar.

  • Utarbeide, analysere og optimalisere kampanjar i relevante kanalar.

  • Leie prosjekt og aktivitetar i samarbeid med dyktige kollegar og samarbeidspartnarar.

  • Gjennomføre marknadsanalysar, samt vere oppdatert på marknaden, trendar, konkurrentar og produkt.

Ynskja kvalifikasjonar:

  • Utdanning innanfor marknadsføring, kommunikasjon og/eller informasjonsteknologi.

  • God kompetanse innan digital marknadsføring.

  • Gode kommunikasjons- og presentasjonsdugleikar, samt brei kjennskap til dagens kommunikasjonskanalar og medielandskap.

  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne – me har nynorsk som vår målform.

  • God til å produsere engasjerande og godt innhald for sosiale medier og web.

  • Røynsle med bruk av ulike digitale verktøy.

    • Kunnskap om nokon av følgjande, eller tilsvarande: Squarespace, Hotjar, Asana, Mailchimp, Google Analytics, GoogleAds, Photoshop, InDesign, Content marketing, SoMe, SEO, CRO.

Personlege eigenskapar:

  • Du er målretta, lærer fort, og har mange kreative idéar.

  • Er proaktiv og har stor gjennomføringskraft.

  • Du er sosial og positiv av natur.

  • Du er nyfiken, har en sterk strategisk og digital forretningsforståing og det fell deg naturleg inn å leie, utvikle og inspirere andre.

Me tilbyr:

  • Engasjert og inkluderande arbeidsmiljø.

  • Spennande arbeidskvardag der du er med å setje standarden.

  • Interessante, krevjande og sjølvstendige arbeidsoppgåver.

  • Vere med å fortsetje utviklinga av eit selskap i sterk vekst med solid posisjon i Sogn.

  • Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår.

  • Fast stilling: 100 %.

Me oppfordrar alle kvalifiserte søkjarar som er opptekne av ny teknologi og nye måtar å kommunisere på, til å søkje jobb hjå oss - uavhengig alder, kjønn, funksjonshemming, etnisk eller nasjonal bakgrunn.

Send søknad med CV til jobb@sognenett.no

  • Søknadsfrist: 3. mars 2019.

  • Oppstart: snarast / etter avtale.

For nærare opplysningar, kontakt:

Dagleg leiar

Ole Petter Hatlevoll
Telefon: 990 91 971

Marknadsleiar

Christine Helen Førde
Telefon: 480 87 333