Kundekonsulent: kundeservice/leveranse (1 stilling)

Sognenett AS er størst på fiberutbygging i Sogn. Me sel, byggjer ut og driftar fiberbreiband til privatkundar, bedrifter og offentlege kontor. Der me endå ikkje kan levere fiber tilbyr me internett gjennom radioteknologi og xDSL. Sognenett er Get-partnar om TV-distribusjon til våre kundar. Selskapet er i sterk vekst og var Gasellebedrift i både 2014, 2015 og 2016. Ved hovudkontoret i Sogndal er me 18 tilsette som har ansvar for eit breitt fagfelt innan alt frå drift og utvikling til kundeservice og sal.


Kundeservice/leveranse høyrar innunder marknadsavdelinga og me søkjer no etter ein kundekonsulent som skal møte kundane våre med ei førsteklasses kundeoppleving og støtte på telefon, skriftlege medium og i møte. Kundekonsulent skal jobbe aktivt for meirsal, bruke ulike støttesystem, og ha interesse for våre TV- og internettløysingar. Sognenett tilbyr breiband over fleire teknologiar og du vil difor få ein variert arbeidskvardag med gode moglegheiter for personleg utvikling. Du har god teknisk innsikt og forståing, jobbar sjølvstendig og har erfaring med å gje service av høg kvalitet.

Arbeidsoppgåver:

  • Kunde- og montørkontakt på telefon, skriftlege medium og i møte
  • Rettleiing og support
  • Feilsøking og feilretting
  • Ordrehandtering
  • Oppfølging av kundar
  • Andre oppgåver som fell naturleg innanfor avdelingas gjeldande ansvarsområde

Ønska kvalifikasjonar

  • Erfaring innan kundebehandling
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Gode datakunnskapar og teknisk forståing
  • Det er eit føremon med teknisk interesse eller utdanning

Personlege eigenskapar

  • Serviceinnstilt og positiv
  • Engasjert, effektiv og initiativrik
  • Sjølvstendig og løysingsorientert - du finn den beste løysinga for kunden.
  • Gode samarbeidsevner
  • Strukturert og nøyaktig

Me tilbyr

  • Spennande arbeidskvardag med gode utviklingsmoglegheiter
  • Engasjert og inkluderande arbeidsmiljø.
  • Vere med på utvikling av eit selskap i sterk vekst
  • Konkurransedyktige løn- og arbeidsvilkår.
  • Fast stilling: 100 %.

Send søknad med CV, vitnemål og attestar til:

jobb@sognenett.no eller Sognenett AS, Dalavegen 25, 6856 Sogndal (merk: Søknad kundekonsulent).

  • Søknadsfrist: 28.02.2018
  • Oppstart: snarast/etter avtale

For nærare opplysningar om stillingen, kontakt:

Marknadsleiar
Christine Helen Førde
e: chf@sognenett.no
t: 480 87 333