Trådlaust internett


Viktig om trådlaust internett

Oppsummert er dette dei mest vanlege årsaka til kvifor hastigheita vert redusert mellom heimesentralen og din PC, mobil eller nettbrett når du nyttar det trådlauste nettverket i heimen:

Plassering av trådlaus multimodem eller aksesspunkt
Det trådlause multimodemet eller aksesspunktet ditt bør vere sentralt plassert i bustaden i forhold til der du brukar det trådlause nettet mest, og gjerne synleg slik at det ikkje er nokon fysiske hindringar som dempar dei trådlause signala.

Forstyrringar på dei trådlause signala
Både fysiske hindringar og andre elektriske artiklar kan forstyrre dei trådlause signala. Fysiske hindringar er t.d. betong- eller gipsveggar, metallskap, varmekablar i gulv og større møblar. Det trådlause multimodemet må ikkje vere tildekka!

Signal frå andre elektriske artiklar konkurrer også med dei trådlause signala frå det trådlause multimodemet eller aksesspunktet ditt. Dette er t.d. babysitter, einingar med blåtann aktivert, mikrobølgeomnar, andre radiokjeldar.

Antall einingar tilkopla
I mange bustader er det ofte fleire som er tilkopla det trådlause nettverket, og gjerne med fleire einingar kvar samstundes. Alle desse einingane konkurrerar om dei same trådlause signala og kapasiteten. Om det trådlause multimodem har ein dårleg plassering i bustaden vil dette utgjere ein merkbar flaskehals mellom heimesentralen og einingane dine, sjølv om ein av dykk sit nærleiken av det trådlause multimodemet.

Alder eller kvalitet på utstyr

Alder og kvalitet på utstyret som du nyttar kan vere ein av årsaka til kvifor du opplever tregt nett. T.d. kan mobiltelefonen din ha ein maksfart over trådlaust som er lågare enn PC-en din, eller motsatt. Når du testar hastigheit er det difor lurt å sjekke kva som er maksfarta til eininga di.

For vidare lesing om trådlaust internett tilrår me også artiklane som du finn på WiFi-sentralen.

1. Kva gjev raskast internett i heimen; trådlaust eller kabel?

Det er viktig å hugsa at trådlaust nett sjeldan er like bra som kabla nett. Den kapasiteten Sognenett tilbyr fram til huset ditt, gjeld via kabel. Me gjev ingen garantiar for trådlausnettet i husstanden då dette vert påverka av eksterne faktorer som me ikkje kan rå over.


Fyrst og fremst bør du leggja opp nettverkskablar til dei punkta i huset der du vil ha nett, og me tilrår at du nyttar kabla nett der det er mogleg. Mange einingar har både kabla og trådlause tilkoplingar, og då er det kabla alternativet alltid best.
Det gjeld spesielt einingar som står fastmonterte, slik som smart-tv-ar, stasjonære datamaskiner og lydanlegg med nett. Til andre einingar kan du godt bruka trådlaust nett, så lenge du har mange nok og godt plasserte trådlauspunkt. Her kan du testa hastigheten på di internettlinje.

2. Eg får dårlege signal, kvar bør eg plassera det trådlause modemet?

Ruteren som fylgjer med abonnementet ditt, kan oftast gje trådlausdekning i eit vanleg hus, men kapasiteten vil bli mykje mindre med ein gong du ikkje har fri sikt til sendaren. Fysiske hindringar, som veggar og etasjeskilje, dempar trådlaussignalet. Det gjev dårlegare nett for alle som bruker trådlausnettet, uansett om dei sit nær eller langt unna sendaren.

Difor bør du planleggja trådlausnettet i huset nøye, og fyrst og fremst plassera ruteren slik at du ser han frå der du brukar nettet. Plasser trådlauspunkta høgt nok opp, ikkje la dei stå på golvet.

3. Bør eg ha fleire trådlause punkt?

For å oppnå verkeleg god kapasitet på trådlausnett i huset, er det sjeldan nok med berre ein trådlaussendar. Me tilrår difor at du har minst eitt trådlauspunkt til kvar etasje. Sognenett tilbyr smarte aksesspunkt frå AirTies.

4. Kan det komma forstyrringa på det trådlause nettet?

Anna trådlaust utstyr kan òg spela inn på stabiliteten på WiFi-nettet ditt. Det gjeld radiosignal frå blåtann, ZigBee, mikrobølgomnar, mobiltelefonar og andre radiokjelder.
Mindre viktige faktorar, som likevel kan påverka nettet, er til dømes varmekablar eller vassboren varme i golvet.

5. Eg ser eg kan velgja mellom 2,4GHz og 5GHz, kva er dette?

I et område med mange husstandar, og like mange trådlause nettverk, vil du kunna oppleva ustabilitet og treigt nett fordi alle dei trådlause nettverka i området deler den same signalfrekvensen, og det kan oppstå ein «kø» på radiofrekvensen. Det gjeld særleg på 2,4GHz-frekvensbandet.
Nyare ruterar og einingar kan bruka 5GHz-bandet, som har fleire trådlauskanalar som ikkje kolliderer med kvarandre. Dersom du har utstyr som kan nytte 5GHz-bandet, er det verdt å prøva. 5GHz-bandet kan overføre med høgare hastigheit og betre stabilitet, men har lågare rekkjevidde enn 2,4GHz.

6. Kvifor verkar ikkje trådlaust internett skikkeleg på Apple-produkta mine?

Mange Apple-produkt, særleg iPhone, vekslar automatisk mellom å bruke mobilnett og trådlaust/wifi. Dette skaper ofte vanskar med å halde ei stabil tilkopling til trådlausnettet.


For å hjelpe på problemet, kan du skru av "Wifi-hjelp" på Apple-produktet. Gjer slik:
- Gå inn på "Innstillinger" og klikk på "Mobilnett"
- Heilt i botnen av lista kan du skru av og på Wifi-hjelp. Skru av dette.
- Det er òg ein god ide å skru av mobilnettet i det heile når du er heime og innanfor dekning frå trådlausruteren din.


 

KONTAKTSKJEMA

Har du andre spørsmål om trådlaust internett? Send inn din førespurnad ved å nytte kontaktskjema under.