Problem med internett?


1. Problem med trådlaust nett.

Hugs fyrst at Sognenett leverer eit kabla ethernettgrensesnitt. Det tyder at trådlaust nett er ei ekstrateneste Sognenett tilbyr. Det kan vera fleire årsaker til problem med trådlaust nett.

Sjekk at modemet står på.
- Om lampene på modemet ikkje lyser, sjekk at straumkabelen er rett tilkopla.
- Slå på modemet, vent nokre minutt til det har starta opp og sjekk om du er på nett.
- Sjå om WLAN-lampa på modemet lyser. Lampa skal lysa grønt. Lyser ho ikkje, trykk på WLAN-knappen på modemet til lampa byrjar å lysa.

Mange berbare PC-er har ein eigen knapp/brytar for å skru på trådlaus funksjon.
- Sjekk at denne er slått på. Knappen eller brytaren har ulik plassering hjå dei forskjellige PC-leverandørane. Sjå i bruksanvisninga om du er usikker på kvar han er.

Sjekk leidningar.
- Sjekk at alle leidningar er faste som dei skal mellom uttaket du har på veggen og modemet.

Prøv med kabel mellom modemet og PC-en.
- Finn ein av nettverkskablane som fylgde med modemet. Kopla LAN-uttaket på PC-en til ein av LAN-utgangane på modemet.

Dersom modemlampa “internett” ikkje lyser, meld feil til oss på tlf. 9519 2222 eller send ein e-post til post@sognenett.no

2. Problem med kabla nett.

Opplever du manglande tilgang til internett, sjølv om du er kopla direkte med datakabel/nettverkskabel til modemet?

Sjekk fyrst at modemet og anna utstyr står på.
- Dersom lampene på modemet ikkje lyser, sjekk at straumkabelen er rett tilkopla.
- Slå på modemet, vent nokre minutt til det har starta opp att, og sjekk om du er på nett.

Prøv å restarta modemet.
- Ta ut straumkabelen av modemet, vent eit minutt og kopla til straumen att. Vent nokre minutt til modemet har starta opp att, og sjekk om du er på nett.

Sjekk leidningar.
- Sjekk at alle leidningar er faste som dei skal mellom uttaket du har på veggen og modemet.
- Sjekk at leidningen mellom PC-en og modemet sit godt.

Dersom modemlampa “internett” ikkje lyser, meld feil til oss på tlf. 9519 2222 eller send ein e-post til post@sognenett.no

3. Problem med radionett.

Har du nett via ei antenne på veggen din? Då har du radionett.
Viss du opplever problem, må du fyrst sjekka at ruteren og antenna står på og har straum.

Lyser rutaren?
- Lyser ikkje ruteren; sjekk at straumkabelen er rett tilkopla.
- Slå på ruteren, vent nokre minutt til han har starta opp att, og sjekk om du er på nett.

Sjekk om antenna har straum.

- Ho skal ha eiga straumforsyning, som er tikopla nettverkskabelen som går ut gjennom veggen til antenna.

Prøv å restarta antenna, deretter ruteren.

- Ta ut straumkabelen til antenna, vent eit minutt og kopla til straumen igjen.
- Vent nokre minutt til antenna har starta opp att, og gjer same prosessen med ruteren: ta ut straumkabelen, vent eit minutt og kopla til straumen att. Vent til ruteren har starta opp, og sjekk om du er på nett.
- Denne prosessen er ikkje naudsynt å gjera ofte - viss du opplever at du må gjera dette kvar dag eller oftare, ta kontakt.

Sjekk leidningar.

- Sjekk at alle leidningar er faste som dei skal mellom antenna og ruteren.
- Sjekk at leidningen mellom PC-en og modemet sit godt.

Viss du opplever at nettet har vorte mindre stabilt over tid, er det viktig å hugsa at antenna må ha ei heilt fri siktline til radiobasen for at nettet skal fungera. Tre og busker veks seg høgare kvart år, og om vinteren kan tung snø gje problem. Har du vanskar med å få stabilt nett, må du difor:

- Sjekka at det ikkje står tre, busker eller anna i vegen for siktlina. Hogg skog!
- Sjå om det ligg tung snø i vegen for siktlina. Snø- og regnvêr er vanlegvis ikkje noko problem, men tung snø som blir liggjande kan gjera nettet dårlegare.

- Sjekk om taksnø, brøytekantar eller snøtunge greiner har kome i vegen for siktlina.
- Fjern snøen og hogg eventuelle tre som ikkje rettar seg opp att når snøen er fjerna.

Fortsatt problem?
Ved feil som ikkje kan løysast etter å ha sjekka at overnemnte punkt er i orden er det viktig at du tek kontakt oss slik at me kan hjelpe deg. Ring oss gjerne på tlf. 9519 2222 (kvardagar 08:00-16:00) eller send ein e-post til post@sognenett.no