Problem med Get TV?

Opningstider Get
Måndag - fredag:  08:00 - 22:00 (fakturaavdeling 08:00-20:00)
Laurdag 11:00 - 19:00
Sundag 12:00 - 20:00

Har du spørsmål du ikkje finn svar på, eller ynskjer hjelp med eingong?

Prøv gjerne Get sin "Fiks det sjølv-vegvisar" eller kontakt Get direkte på telefon 02123.

 


1. Vil du bytta kanalar i startpakken?

Då loggar du inn på MIN GET og trykker på "Vel tv-kanalar". Treng du passord til Min Get, får du dette tilsendt på SMS ved å velgje "Send meg passord". Å velgja eller bytta kanalar i Startpakken kan du gjera når du vil og så ofte du vil, heilt kostnadsfritt.

2. Kvar finn eg NRK1 Vestlandsrevyen?

NRK1 Vestlandsrevyen er tilgjengeleg på kanalplass 1 når det er sending.

3. Fryser dekodaren seg, eller manglar du kanalar?

Manglar du fortsatt tilgang til kanalar etter oppdateringa? Opplever du at boksen henger seg? Har du andre problem med dekodaren? Då bør du gjenoppretta fabrikkinnstillingane.

Trykk Exit på fjernkontrollen til boksen
Velg først "Innstillinger", så "Avansert oppsett"
Tast inn PIN1 (standard er 0000) og vel "Reinstallere"

Start så boksen på nytt ved å trekkja ut straumkontakten, og send ein SMS med kodeord TV til 02123.

4. Er TV-skjermen svart?

Er skjermen svart, står det kanskje "Intet signal" eller liknande? Dette er ofte fordi TV-en er innstilt på feil kildekanal.

Du endrar kildekanal via fjernkontrollen til TV-apparatet ditt, og knappen heiter som regel: HDMI, EXT, INPUT, SOURCE eller AV.

Har du ein HD-boks, bruker du mest sannsynleg ein HDMI-kabel. Kildevalget vil då være HDMI. Brukar du ein Scart-kabel, vil valget være AV, EXT, RGB eller SCART. Prøv deg fram til du finn den korrekte.

Kildekanal-innstillinger gjerast på sjølve TV-en og framgangsmåten kan variera frå merke til merke. Me har ikkje brukerstøtte på TV-apparater, og ber deg derfor kontakta TV-produsenten direkte hvis du trenger vidare hjelp med å finne korrekt kilde eller endre andre innstillingar på TV-en. Har du forsikra deg om at korrekt kildekanal er valgt, men får beskjed om at signalet fortsatt manglar, kan dette være fordi boksen ikkje er koblet opp som den skal.

5. Problem med fjernkontrollen?

Har du problem med fjernkontrollen din, anbefalar me at du forsøker følgjande:

Sjekk at Get-boksen er slått på (den vil då lysa grønt, eller vise kva kanal du er på i displayet)
Pass på at det er fri sikt mellom fjernkontrollen og boksen
Sjekk at TV-en er på rett kildekanal (AV-kanal).
Bytt batteriene til fjernkontrollen
Er fjernkontrollen defekt kan den byttast. Ta kontakt med Sognenett på 9519 2222.

6. Problem med opptaksfunksjonen på Get Box II?

Det første du bør gjera er å starte boksen på nytt ved å trekke ut straumkabelen. Vent 30 sekunder før du setter den tilbake.

Opplever du fortsatt problem med opptaksfunksjonen etter boksen er starta på nytt, kan du prøva å formatera harddisken. Merk at alle opptaka vil forsvinna ved ein formatering.

Trykk "Exit" på fjernkontrollen til Get-boksen
Velg "Innstillinger" og "Avansert oppsett"
Tast inn PIN1 (som standard 0000)
Velg "Formater harddisk" og bekreft med blå knapp.

7. Er det hengelås på skjermen eller ein kanal som manglar?

Står det at du ikkje har tilgang til ein kanal på TV-skjermen, at du vennleg skal venta litt, eller kanskje du har eit hengelåsikon på skjermen?
Send ein SMS med kodeord TV til 02123.
Så mottek boksen ein oppdatering i løpet av noen minutter.

8. Filmleige: Gløymt PIN1 eller PIN2?

PIN1-koden brukast til å stadfesta kjøp av filmar i Get filmleige, barnesikring av kanalar og sikring av avanserte innstillingar på boksen. Har du ikkje endra PIN1 endå vil den være 0000. Har du gløymt koden, send PIN til 02123 for ein nullstilling. PIN1 endrast så tilbake til 0000 att.

PIN2-koden kontrollerar tilgang til kategorien Xotix i Get filmleige. Alle filmane i denne kategorien er registrert av Medietilsynet med 18 års aldersgrense. PIN2-koden angir du sjølv første gang du startar Get filmleige, og den må være forskjellig frå PIN1. Trenger du å resette PIN2, gjerast dette ved å gjenoppretta boksens fabrikkinnstillinger.

9. Kanalliste

Du finn ein komplett oversikt over alle kanalplasseringane hjå Get.