Faktura


1. Korleis vert faktura tilsendt og kva er fakturagebyret?

Me sendar som standard ut vanleg faktura. I tillegg tilbyr me betaling via eFaktura og/eller AvtaleGiro. Dette er avtaler som du opprettar i nettbanken din. Ved vanleg faktura eller avtalegiro, får du faktura tilsendt i posten. Faktura tilsendt i posten har eit fakturagebyr på kr. 49,-. Dersom du ikkje ynskjer fakturagebyr må det opprettast ein eFaktura-avtale i nettbanken din.

2. Kor ofte vert faktura tilsendt?

Me fakturerer våre tenester kvartalsvis på forskot, slik at tilsendt faktura gjeld abonnementskostnad for tre månadar om gongen. Dersom du ikkje ynskjer å få tilsendt faktura ein gong i kvartalet, men heller betale for ein månad eller eitt år om gongen, ber me om at du gjev oss ein tilbakemelding med ynskja fakturaintervall. Du kan nytte kontaktsskjema for å endre fakturaintervall.

3. Kvifor er det eit høgare beløp på den første fakturaen?

Den første fakturaen du får tilsendt frå oss vil kunne ha eit høgare beløp enn dei påfølgande, sidan denne inkludera både eingongskostnadar og abonnementskostnad frå den dagen du vert oppkopla.

4. Om eFaktura.

Dersom du ynskjer ein enklare måte å betale rekningane på, kan du opprette ein eFaktura-avtale i nettbanken din. Då kjem faktura direkte i nettbanken i stadenfor i postkassa, ferdig utfylt med KID-nummer og det heile. eFaktura kjem utan fakturagebyr. Alle eFaktura må godkjennast av deg før dei belastast konto. eFaktura godkjenner du med eit klikk. Du har full oversikt over betalte og ubetalte eFaktura i nettbanken. For meir informasjon om eFaktura sjå http://www.efaktura.no/

5. Om AvtaleGiro.

Med AvtaleGiro slepp du å hugse på forfallsdatoar. Banken din syt for at rekninga betalast automatisk på forfallsdato. Rekningane dine betalast alltid i tide og du unngår purregebyr pga for sen betaling. For meir informasjon om AvtaleGiro sjå http://www.avtalegiro.no/ Opprettar du AvtaleGiro sender vi alikavel ut faktura i postkassa. Difor kjem det fakturagebyr sjølv om du har AvtaleGiro i nettbanken.

6. Kva er kontonummeret til Sognenett?

Sognenett sitt kontonummeret er 3720.16.25247.

7. Kvar finn eg ekstra prisar og vilkår?

Prisar og vilkår for privatkundar finn du her. Andre prisar tilknytt internettabonnement og oppstartskostnadar finn du på desse sidane:
Fiber til heimen
ADSL/VDSL
Radio

 

KontaktSkjema

Har du andre spørsmål om faktura? Send inn din førespurnad ved å nytte kontaktskjema under.

 
Kundenummeret ditt finner du på tilsendt faktura