Endring i kundeforhold


1. Endring av abonnement

Ved endring av abonnement vert du fakturert for det nye abonnementet frå den dagen endringa er aktivert. Om du har betalt for det gamle abonnementet over ein lengre periode, så kjem det ein korreksjon tilknytta abonnementsendringa på neste faktura.

Oppgradering av abonnement er alltid kostnadsfritt og gjerast så fort som mogleg, uavhengig om du har bindingstid eller ei. Gje oss ein beskjed om du ynskjer at oppgraderinga skal skje frå ein spesifikk dato.

Nedgradering av abonnement vert gjennomført i slutten av påfølgande månad frå den dagen me har motteke førespurnaden. Me sendar deg ein stadfesting på førehand med informasjon om endringsdato. Dersom du nedgraderer frå eit abonnement med bindingstid kjem det eit ekstra gebyr, sjå gjeldande prisliste.

Endring av abonnement kan enkelt bestillast her:

Endring av xDSL-abonnement
Endring av Radio-abonnement
Endring av fiberabonnement

Du vil få tilsendt ein stadfesting så snart førespurnaden er behandla.

2. Flytte til ny adresse

Om du flyttar til ein ny adresse innanfor vårt dekningsområde vil det kunne vere aktuelt å få flytta med seg breibandet. Nytt eiget kontaktskjema for å sende inn din flyttemelding. Me sjekkar kva som er mogleg å levere på adressa og gjev deg ein tilbakemelding.

Me gjer merksam på at flyttemelding må sendast inn så tidleg som mogleg, helst 3 veker før innflytting. Kostnad for flyttinga vil vere avhengig av kva slags breibandsteknologi du har i i dag, og kva som er mogleg å levere på same adresse. Sjå meir under Prisar og vilkår.

Dersom det ikkje er mogleg å levere internett frå Sognenett på din nye adresse, må ditt gamle abonnement avsluttast. Abonnementet vil då ha ein ordinær oppseiingstid som er ut påfølgjande månad, frå den dagen me fekk den skriftlege flyttemeldinga/oppseiinga frå deg.

Overføring av abonnement
Ditt gamle abonnement kan sjølvsagt overførast til ny bebuar, så lenge abonnementet er aktivt ved overføringstidspunktet. Sjå meir under «Overføring».

Abonnement som ikkje kan flyttast eller overførast, og er under bindingstid, vil bli fakturert brotgebyr etter gjeldande prisliste.

3. Overføring av abonnement

Aktivt abonnement (breiband eller TV) kan overførast frå ein person til ein annan, så lengje det gjeld den same adressa. Overføringa vert fakturert ny eigar iht. gjeldande prisliste. Ny eigar får kostnadsfri overføring dersom ein veljar ein bindingstid på tolv månadar for overførte abonnement.

Korleis melde inn overføring?
Eksisterande eigar av abonnementet sendar inn ein overføringsmelding med kontaktinformasjon for ny eigar, samt ynskja dato for overføring. Nytt gjerne kontaktskjema nedst.
Når me har motteke melding om overføring tek me kontakt med den nye abonnementseigaren for å få stadfesta overføring. Me gjer merksam på at abonnementet kan ikkje overførast før begge partar har stadfesta overføringa.

Kva kan ikkje overførast?
Personlige fordelar som t.d. rabattar kan ikkje overførast til ny eigar. Dersom ny abonnementseigar har krav på fordelar må dei sjølv melde dette inn til oss etter at abonnementet er overført.

4. Oppseiing av abonnement

Oppseiing av internett- og/eller TV-abonnement må meldast skriftleg til Sognenett. Nytt gjerne kontaktskjema nedst på sida.

Det er ofte fleire ulike grunnar til ein oppseiing, t.d. flytting. Sognenett tilbyr internett fleire stader i Indre Sogn og det kan difor vere aktuelt å få flytta med seg abonnementet på ny adresse. Sjå meir under "Flytting av abonnement". Om årsaka til oppseiing er misnøye med produkt eller teneste ber me om ein tilbakemelding frå deg, slik at me kan finne ein optimal løysing.

Oppseiingstid
Generell oppseiingstid er ut påfølgande månad, rekna frå den dagen oppseiinga me har motteke oppseiinga. Abonnement som er innanfor bindingstid vil bli fakturert eit brotgebyr iht. gjeldande prisar. Sjå Prisar og vilkår.

Retur av utstyr
Ved oppseiing av abonnement må tilhøyrande utstyr (multimodem/router og TV-dekodar med fjernkontroll og kablar) returnerast til Sognenett innan 14 dagar etter abonnementet er avslutta.

5. Angrerett

Ved fjernsal eller sal utanfor fast utsalsstad, har du som kunde rett til å kansellere bestilt teneste innan 14 dagar frå du har motteke angreskjema. Når du nyttar angreretten vert inngått avtale kansellert og begge partars plikt til å oppfylle avtalen fell bort.

Unntak frå dette er dersom du har bedt om eller akseptert ein raskare leveranse, slik at tenesta vert levert før utløp av angrefristen. I høve dette vert du fakturert eit gebyr basert på dei kostnadene Sognenett har hatt tilknytt leveransen.

Dersom du har kjøpt ekstrautstyr, t.d. AirTies-aksesspunkt, må utstyret vere uopna dersom du ynskjer å nytte deg av angreretten.

Ved bruk av angreretten bør denne vere sendt inn skriftleg, enten til post@sognenett.no eller som brev til Sognenett AS, Postboks 345, 6852 Sogndal.

Saman med ordrestadfestinga/kontrakten skal du ha fått med eit angrerettsskjema. Dersom du ikkje finn dette, kan du laste ned nytt her.

6. Avbestilling etter angrerett, men før levering

Dersom du ynskjer å kansellere bestilt teneste før leveranse er fullført, men etter angrefristen har utløpt, vil du bli fakturert eit gebyr for kanselleringa iht. gjeldande prisliste.

Når tenesta er gjort tilgjengeleg for deg som kunde vert denne sett på som levert og ein kansellering vert difor behandla som ein ordinær oppseiing med tilhøyrande brotgebyr. I slike høve må ein også betale etableringskostnaden for tinga produkt. Sjå gjeldande prisar og vilkår.

7. Retur av el-avfall

Elektroniske produkt inneheld miljøskadelege stoffer og skal ikkje kastast saman med anna avfall. Produkt innan same kategori som me tilbyr, uavhengig merke og kor produktet er kjøpt, kan leverast gratis til Sognenett. Me syt for at produktet vert levert til gjenvinning. Døme på produkt som du kan returnere hjå oss er modem, trådlaus routar, aksesspunkt, datakablar og TV-dekodar.

Kontaktskjema