E-post

I denne delen vil du finne dei mest vanlege spørsmåla me får i høve e-post og oppsett av dette, samt rettleiingar som viser korleis du setjar opp e-post i enkelte program. 

Sjølv om me tilbyr instruksjon for konfigurering av e-postklientar, er utvida hjelp med oppsett av e-postprogram (e-postklient) på datamaskiner ikkje inkludert i abonnementet. Me kan fjernstyre datamaskina dykkar og prøve å konfigurere e-postprogrammet, men dette vert fakturert etter gjeldande prisliste.


1. Kor mange e-postkontoar kan eg få hjå Sognenett?

Inkludert i ditt internettabonnement frå Sognenett får du moglegheita til å opprette fem e-postkontoar, med tilhøyrande tilgong til Webmail. E-postane kan brukast så lenge du har eit aktivt internettabonnement hjå oss. Kontakt kundesenteret dersom du ynskjer å få oppretta e-postadresse(r).

2. Kva er Webmail?

Med Webmail får du tilgong til e-postane dine uansett kvar du er, uansett kva datamaskin du sit framfor, så lenge du er på internett. Webmail finn du på webmail.sognenett.no.

3. Kvifor får eg ikkje sende/motta e-post?

Om du ikkje får sendt eller motteke e-post er det truleg feil i oppsettet for enten inngåande eller utgåande server for e-post. Sjekk difor at du har lagt inn riktig oppsett. Sjå meir om oppsett under «Generelt oppsett av e-post» og meir utfyllande informasjon om både inngåande og utgåande server i eigne avsnitt.

Har du e-postadresse frå ein anna leverandør må du i oppsett for inngåande og utgåande e-post sjekke at det er skrevet riktig domene for e-posten (td. online.no) på både inngåande server utgåande server for e-post. I vårt oppsett for e-post er det vist med domenet «jostedal.no».

4. Eg har sagt opp mitt internettabonnement, men vil behalde e-postadressa

Ved oppseiing av abonnement vert e-postkontoen avslutta 14 dagar etter internettabonnementet er nedkopla. Om du ynskjer å behalde e-postadressa vidare, er dette mogleg mot eit lite årsegbyr på kr 200,-. Ta kontakt med kundesenteret før det har gått 14 dagar etter internettabonnementet er avslutta.

5. Generelt oppsett av e-post.

Inngåande server for epost POP3: pop.jostedal.no
Inngåande server for epost IMAP: imap.jostedal.no
Utgåande server for epost SMTP: smtp.jostedal.no
Brukarnamn: Heile e-postadressa du har fått av oss (både det som står framom- og det som står bakom @'en).
Passord: får du tilsendt pr SMS til mobilnummer registrert på deg.

Har du e-postadresse frå ein anna leverandør er det viktig at du bytter ut jostedal.no med riktig domene for e-posten (td. online.no) på både inngåande server for epost POP3 og utgåande server for epost SMTP.
.

6. Kva er skilnaden mellom POP3 og IMAP?

Med IMAP kan du setje opp e-postprogram på fleire datamaskiner, og ha e-postane dine tilgjengeleg i alle e-postprogramma og på webmail. Du har imidlertid begrensa plass til lagring av epost på epost-serveren.



Med POP3 lastar du ned alle e-postmeldingane frå serveren og inn på datamaskina di. E-postar som du har lasta ned, vil ikkje lenger vere tilgjengeleg på webmail eller på andre datamaskiner. Du vil imidlertid ikkje gå tom for plass til lagring av e-post, før maskina di er heilt full. Dette vil du truleg ikkje oppleve. Obs! Set du opp e-postprogram på fleire datamaskiner med POP3, vil kvar e-post berre vere tilgjengeleg på den datamaskina den først vert lesen på. Hugs også å ta backup av e-post du har lagra på datamaskina di.

7. Om inngåande server.

For inngåande server er det stort sett greit å bruke standardinstillingane som e-postprogrammet vel. Det har vore vanleg å bruke POP3 for inngåande epost, men me tilrår IMAP. Det som er greit med IMAP, er at du kan setje opp epost-program på fleire datamaskiner, og ha mailane dine tilgjengeleg i alle epost-programma, i tillegg til på webmail. Du har imidlertid noko begrensa plass til lagring av epost på epost-serveren (maks 15 GB). Med POP3 lastar du ned alle epostmeldingane frå serveren og inn på datamaskina di. E-postar du har lasta ned, vil ikkje lenger vere tilgjengeleg på webmail eller på andre datamaskiner. Du vil imidlertid ikkje gå tom for plass til lagring av epost, før maskina di er heilt full. Dette vil du truleg ikkje oppleve.


Obs: Set du opp epost-program på fleire datamaskiner med POP3, vil kvar epost berrevere tilgjengeleg på den datamaskina den først vert lesen på. Hugs også å ta backup av epost du har lagra på datamaskina di.

8. Om utgåande server.

For utgåande server, krevst godkjenning. Dette fordi vi ynskjer å begrense masseutsending av SPAM (søppelpost). Ofte vil du ha eit val for å velje/setje hake ved «Server for utgåande epost (SMTP) krever godkjenning». Har du fått e-postadresse frå Sognenett, er det ofte greitt å velje at e-postprogrammet skal bruke same innstillingar som for inngåande e-post.
Om du derimot har ei eiga e-postadresse (anna domene enn det du får frå oss) og berre vil bruke vår server for utgåande e-post, vel du heller "logg på med:". Då må du fylle inn heile e-postadressa du har fått av oss i brukarnamn-feltet. Støttar ikkje klienten dette (gamle skrivarar o.l.), kan vi diverre ikkje hjelpe dykk.



Om du har problem med å sende e-post, kan du i tillegg velje sikker godkjenning (SSL eller TLS/STARTTLS). Port TLS/STARTTLS: 587 Port SSL: 465 Om du brukar dette valet, vil du også kunne sende e-post når du ikkje er innanfor Sognenett sitt nett: for eksempel når du har maskina di med på ferie. Webmail vil du sjølvsagt alltid kunne bruke, uansett kvar du er.