Fast internett til fritidsbustaden

Ynskjer du fast internett på hytta? Sognenett tilbyr fiber i fleire områder og våre fritidsabonnement har fri databruk.

Du kan også oppgradera med Get TV i dei fleste områda.

E-postkonto og Webmail: 

Sognenett leverer inntil fem e-postkontoar til kvart internettabonnement, med tilhøyrande webmail. Desse kan brukast så lenge du har eit aktivt internettabonnement hjå oss. Kvar e-postkonto får opptil 15 Gigabyte lagringsplass inkludert i abonnementet.

Kontakt kundesenteret dersom du ynskjer å få oppretta epost-adresse(r).

Sikkerheit og spamfiltar

E-postadressene som du får oppretta hjå Sognenett har både spam- og virusfilter.

Det trådlause multimodemet frå Sognenett er sikra med både innvendig brannmur og kjem ferdig levert med passordbeskytta trådlaust nettverk. Passord til ditt trådlause nettverket står alltid på baksida av multimodemet.

Prisar

Alle prisar er oppgjevne i norske kronar og inkl. mva. Månadspris føreset at bustaden er registrert som fritidsbustad.

Bindingstid og oppseiingstid

Alle abonnement har ein bindingstid på 12 månadar gjeldande frå oppkoplingsdagen, med mindre anna er skriftleg avtalt. Oppseiingstida er ut påfølgande månad rekna frå den dagen me har motteke ein skriftleg oppseiing.

Hastigheit

Hastigheit oppgjeven under dei ulike abonnementane er dei maksimale nettohastigheitene levert til heimesentralen. Trådlaus hastigheit i heimen påverkast av ulike faktorar som Sognenett ikkje kan rå over, me tilrår difor at du på førehand planleggjar oppsett for trådlaust nett i heimen. Meir informasjon om trådlaust internett finn du under Kundesenter.

Fullstendige vilkår

Generelle vilkår (PDF)

Vilkår for fiber og Digital TV (PDF)

TV-abonnement:

Get Digital Fritid kr 249,-/mnd.

Månadspris for Get Digital Fritid er inkludert leige av 1 stk. Get box Mikro.

Oppgrader til Startpakken dersom du meir valfridom, tilgang på Get app og Get nett-TV, filmleige eller premiumkanalar.

  • Etablering kr 699,-

  • Avtaletid: 12 mnd. frå aktivering.

  • Pris føreset at bustaden er registrert som fritidsbustad og at denne har fiberabonnement frå Sognenett.

 Kanalar i Get Digital Fritid.

Kanalar i Get Digital Fritid.

Atterhald om endringar og feil i kanalutval og prisar.