Problemer ved Airties oppdatering

Me har oppdaga at det har vore litt problemer med Airties oppdatering siste tida.

Dette er som følger av ein oppdatering til nyare programvare-versjon der den kabla Airties boksen hentar den nye versjonen, medan Airties boksane utan kabel frå modem ikkje hentar denne like raskt.

Problemet kan opplevast som at nettverket stoppar opp ofte, og einingar dett ut av nettverket.

Dersom du opplever desse problema kan du følge denne linken som har ein del tips til korleis dette problemet kan løysast:

https://eyenetworks.no/airties-smart-wifi/problemer-etter-firmware-oppdatering-oktober-2018?utm_source=Problemer+etter+firmware-oppgradering+av+AirTies-enheter&utm_medium=Email

Ta gjerne kontakt med vårt kundesenter tlf. 9519 2222 for meir informasjon eller om du skulle ha spørsmål.