Få tilpassa fakturering

Får du tilsendt faktura frå oss slik du helst ynskjer det? Me er fleksible, slik at du kan velje det som passar best for deg og di bedrift - uavhengig storleik.

  • Tips! Som privatkunde kan du også velja mellom desse alternativa, med unntak av EHF.

Faktura ein gang i månaden, eller ein gang i året?

Me sender normalt kvartalsvise faktura, men du kan også velje mellom å få tilsendt månadlege, halvårlege og årlege faktura.

Bli meir kostnadseffektiv med digital faktura

Ulike verksemder kan ha ulike behov. Vel mellom å få faktura tilsendt som EHF, PDF på e-post, rett i nettbanken med eFaktura, automatisk betalt med AvtaleGiro eller på papir i posten. Dersom du vel bort papirfaktura sparar du 49,- (inkl. mva) for kvar fakturautsending.

Alle prisar oppgjevne inkl. mva.
Atterhald om endringar.



EHF-faktura (0,-)

Elektronisk handelsformat (EHF) er ein standardisert elektronisk faktura som sendast direkte inn til ditt økonomisystem, sjølv om dette systemet er ulikt det me fakturerer frå. Du sparar tid og ressursar på mindre manuell handtering av dokument og rask betaling. I tillegg sparar du miljøet med redusert papiravfall og mindre CO2-utslepp tilknytt postsending.

Fakturagebyr med EHF-faktura: 0,-.

eFaktura (0,-)

Har du ikkje eit økonomisystem som kan motta EHF? Med eFaktura får du fakturaen tilsendt til nettbanken, ferdig utfylt og klar til betaling. eFaktura er utan fakturagebyr og sparar miljøet med redusert papiravfall og mindre CO2-utslepp. Alle eFaktura må godkjennast av deg i din nettbank før dei vert betalt.

Fakturagebyr med efaktura: 0,-.

AvtaleGiro (49,- / 0,-)

Med AvtaleGiro slepp du å hugse på forfallsdatoar. Banken din syt for at rekninga betalast automatisk ved forfall. Rekningane dine betalast alltid i tide og du unngår purregebyr grunna for sein betaling. Opprettar du berre AvtaleGiro vil du få tilsendt papirfaktura i posten, og me difor tilrår at du også vel eFaktura for å redusere kostnadar tilknytt fakturagebyr. Kombiner AvtaleGiro med eFaktura, så sparar du både tid og pengar.

Fakturagebyr med AvtaleGiro og eFaktura: 0,-
Fakturagebyr med AvtaleGiro: 49,-

Faktura på e-post (0,-)

Få tilsendt faktura som PDF på e-post. Dette er vår enklaste utsending der alt du må oppgje er ein e-postadresse som du ynskjer skal få tilsendt framtidige faktura. Gebyrfritt og miljøvenleg.

Fakturagebyr med e-postfaktura: 0,-

Papirfaktura (49,-)

Vanleg papirfaktura, eller en kombinasjon med AvtaleGiro for automatisk betaling? Dei fleste kundane våre startar med papirfaktura, og opprettar deretter ein avtale om digitalt mottak av faktura. Ved å redusere mengda papirfaktura sparar du både kostnader og miljøet.

Fakturagebyr for papirfaktura: 49,- pr. fakturasending