Tippekampen er tilbake!

TV 2 relanserer no Tippekampen i samarbeid med Get, og dette gjer at du som har Get TV får ein fast kamp frå engelsk Premier League kvar laurdag!

Det er heile 18 år sidan sist engelsk fotball gjekk fast på ein open kanal i Noreg, men frå og med laurdag 4. februar er Tippekampen tilbake og tilgjengeleg for deg som har Get TV.

Sjå alle TV 2-kanalane i Get TV-app 

Get og TV 2 gjekk i januar inn i ei langsiktig samarbeidsavtale, der Tippekampen er eit av ledda i dette samarbeidet. I tillegg får du no alle TV 2 sine kanalar tilgjengeleg i Get TV-appen når du er utanfor ditt eige heimenettverk.*

Fleire lanseringar og nyvinningar i tida som kjem

Gjennom denne vinter- og våren gjer Get ei rekkje endringar i TV-tilbodet sitt. Mellom anna vil dei løfte fram og gjere norsk underhaldning, seriar, filmar, og ikkje minst sport, tilgjengeleg på ein måte som ikkje har vore gjort før. Relanseringa av Tippekampen er ein viktig del av deira satsing på Premium sport.

2017 vert eit spennande år å vere Get-kunde:

  • I januar opna dei stort sett alt av innhaldet sitt i ein heil månad.
  • I februar lanserer dei Tippekampen der du fritt kan sjå Premier League kvar laurdag kl. 16:00.
  • I april vert alle kampar i Eliteserien og OBOS-ligaen tilgjengeleg.

Get lovar at det ikkje sluttar her. Dei neste veke- og månadane vil det kome ei rekkje nye tenester i lag med samarbeidspartnarane deira.

Det er berre å glede seg!

Fakta om Tippekampen

Allereie 4. februar vert ballen sparka i gong mellom eit Liverpool-lag på medaljejakt og Hull med potensielt 3 nordmenn på banen. Deretter kjem spennande Tippekampar som perler på ei snor.

11. februar kan du sjå Manchester United - Watford, og Southampton – Arsenal laurdag 25. februar.

Tippekampane vert sendt på TV 2 Sportskanalen med kanalplass 23 på Get-boksen, kvar laurdag kl. 16:00. Kanalen er også tilgjengeleg via Get TV-app på nettbrett og mobil – kor som helst i Noreg!

Hugs at du må velje inn TV 2 Sportskanalen i Startpakken din dersom du ikkje har den tilgjengeleg i dag. Dette gjer du enten via kanalveljaren på MinGet eller via fjernkontrollen (dersom du har oppgradert din Get Box II med den nye TV-opplevinga).

Last ned Get TV-app

*Bruk av TV-appen føreset at du har tilkopling til internett.