Opningstider i romjula

Ynskjer alle våre kundar ei retteleg god jul og eit godt nytt år!

I romjula held kundesenteret vårt opent som normalt, med unntak av heilagdagane.

Vakttenesta vår passar elles på nettet i heile romjula og sjekkar innkommande meldingar så langt det let seg gjere. Ring 9519 2222 og legg att beskjed på telefonsvarar dersom du er utan nett.

Me er tilbake med normale opningstider frå og med tysdag 2. januar.