Korleis er det å vere marknadsleiar i Sognenett?

Dagens marknadsleiar i Sognenett skal flytte tilbake til heimbyen sin og me søkjer difor etter hennar etterfølgjar. For den rette kandidaten er dette ein unik moglegheit til å bli ein del av eit solid selskap i saftbygda og pudderstaden Sogndal.

Marknadsleiar Christine Helen Førde og  Kundetenestekoordinator Madeleine Larsen Barmen

Marknadsleiar Christine Helen Førde og
Kundetenestekoordinator Madeleine Larsen Barmen

- Å vere marknadsleiar i Sognenett er utruleg givande! Me skil oss klart ut frå store konsern ved at me er mykje tettare på alt som skjer og har dermed større påverknad på vegvala. Den breidda med ulike oppgåver som høyrer til stillinga gjer at eg har fått brukt fleire sider frå utdanninga mi, i tillegg til at ein heile tida lærar noko nytt, seier marknadsleiar Christine Helen Førde.

Opphavleg skulle ho berre vere to år i Sogndal som student ved høgskulen i Sogndal, men nokre veker inn i første semester vart ho ein del av Sognenett. - Det var eit perfekt samantreff den gangen, seier dagleg leiar Ole Petter Hatlevoll. - Sognenett hadde eit høgt aktivitetsnivå med fiberutbygging i Sogn. For å handtere veksten var det naudsynt med fleire som kunne følgja opp alle dei nye fiberkundane. Christine kom med erfaring frå bransjen i Bergen og me fekk raskt på plass ein god ordning som passa bra for begge partar under hennar studietid.

- Det som eg har fått vere med på her i Sognenett, og den tilliten man får som både tilsett og leiar, er nokon av hovudgrunnane til at eg vart verande i Sogndal i fleire år etter fullførte studiar, seier Christine. - Sognenett har ein ganske flat organisasjonsstruktur med ein god gjeng som verkeleg står på for oppbygginga av Sognenett og Sogn som region. Det er fokus på spele kvarandre gode og støtte kvarandre når det trengs, slik at me heile tida kan utvikle oss – både som selskap og på individnivå.

For den som vil litt meir er det meste mogleg i Sognenett. Som marknadsleiar må ein ha den overordna oversikten, samstundes som ein skal produsere og publisere innhald for intern og ekstern kommunikasjon i ulike kanalar. Stillinga passar difor godt for ein som er kreativ, sjølvgåande og har god digital kompetanse, som også klarar å balansera dette med ansvaret ein har som avdelingsleiar.

- I Sognenett har eg fått jobba med alt frå sal og kundeteneste, prosjektleiing, grafisk design, omdømebygging og kommunikasjonsarbeid, strategi og utvikling, seier Christine. - Sjølv om det kan vere hektisk har me det likevel utruleg gøy på jobb!

Totalt er det sju tilsette i marknadsavdelinga, i tillegg til marknadsleiar, som har ansvar for oppfølging av ca. 6.500 kundar. Avdelinga har konsulentar som jobbar med sal, leveranse og kundeteneste. Utviklingsprosjekt er alltid tverrfaglege på tvers av avdelinga, organisasjonen eller Sognekraft-konsernet. Medarbeidarundersøkinga syner også eit godt arbeidsmiljø med lågt sjukefråvær.

- For deg som ikkje er frå Sogn, men tykkjer stillinga verkar som ein spennande moglegheit: Sogndal er ein utruleg fin plass å bu! Du finn alt du treng i sentrum og har attpåtil superkort veg til variert fjell- og fjordmoro.


Søknadsfrist:
3. mars 2019.


For nærare opplysningar om stillinga, kontakt:

Dagleg leiar

Ole Petter Hatlevoll
Telefon: 990 91 971

Marknadsleiar

Christine Helen Førde
Telefon: 480 87 333