Ny månadspris på Startpakken

I høve prisjustering sentralt hjå Get vil Startpakken frå 1. januar 2017 ha ny månadspris på kr 449,-.

Avtalar som framleis er innanfor bindingstid vert ikkje justert før utløp av denne. Dei kundane dette gjeld har fått tilsendt informasjon om når deira abonnement vert justert. 

Valfridom og ny TV-oppleving

Med Get har du valfridom til å sjå det du vil med Noregs mest fleksible TV-pakke. I tillegg kan du vere trygg på at Get kjem til å fortsette sin investering i TV-nettet for å sikre den kvaliteten du treng for ein god underhaldningskvardag. 

I 2016 har dei mellom anna utvida valfridomen i Startpakken og lansert ei heilt ny TV-oppleving til opptaksdekodaren Get box II.

Gled deg til fleire spennande nyheiter i 2017!