Månadens bedrift

Familien er ein koseleg frisørsalong i fine, sjarmerande lokale i Fjørevegen i sentrum av Sogndal. Namnet Familien skriv seg frå då eigar Ann Kristin Torgersen starta opp verksemda for åtte år sidan, saman med to søstre. I dag er dei to søstre som framleis arbeider i verksemda, saman med tre andre frisørar. 1. april i fjor kjøpte dei lokala dei no driv i, lokale som eldre sogndøler vil hugsa som Bergets kafe. Her har dei om lag hundre kvardratmeter med frisørsalong på gateplan, medan dei to etasjane over vert leigd ut som hyblar.

- Eg er veldig glad for at eg tok sjansen og kjøpte desse lokala, seier Ann Kristin. Ho har vore kunde hjå Sognenett sidan ho starta opp verksemda si.

- For meg er det veldig viktig å nytta seg av lokale verksemder. Dessutan leverer Sognenett dei tenestene me treng. Me er heilt avhengig av å vera på nett og ha rask og stabil fibertilknyting. All booking og alle timelistene våre er på nettet, seier Ann Kristin Torgersen.

- Dei få gongene det har vore noko feil på nettet vårt har eg ringt Sognenett, og dei kjem ned med ein gong og fiksar det. Eg slepp å sitja i telefonkø i ein halv time og gjerne venta til neste dag før ting vert fiksa. Sognenett ordnar det i løpet av få minuttar, seier Ann Kristin.