HD-kanalar lansert

Get lanserar fleire kanalar i HD-kvalitet, medan dei fjernar SD-versjonane av samme kanal. Dei nye kanalane som vert konvertert over til det høgoppløyselege formatet er:

TLC, Discovery, Animal Planet, FEM, VOX og MAX.

Nokre av desse kanalane er allereie i HD-versjon, men no vert då SD-versjonen fjerna frå kanallista. For full oversikt over kanalpakkane til Get, så har me oversikta her.

Endringane vil tre i kraft i perioden mellom 28. januar og 2. februar. Du treng ikkje å føreta deg noko for at desse endringane skal verte gjennomført.