Feil på internettilkopling

 

Enkelte kundar med Windows 10 operativsystem kan oppleve problem med å koble seg til internett.

Problemet skyldast feil på ei windows oppdatering som kom tysdag 6. desember.

Feilen rammar både ved bruk av trådlaust og kabla nettverk.

Bilde med Wi-Fi tilkopling syner korleis feilen opptrer.


Problemet løysast ved å gjere følgjande steg:

1.       Hald inne windowsknappen på tastaturet ditt (nederst til venstre mellom CTRL og ALT) og trykk på X på tastaturet samstundes.

2.       På menyen som dukkar opp vel du Ledetekst (administrator)

 

3.       Skriv inn: netsh winsock reset og trykk Enter

4.       Skriv inn: netsh int ip reset og trykk Enter

5.       Skriv inn: netsh advfirewall reset og trykk Enter

6.       Skriv inn: netsh winhttp>reset proxy og trykk Enter

7.       Skriv inn: ipconfig /flushdns og trykk Enter

8.       Start datamaskina på nytt etter at alle stega er utført.

Dersom problemet vedvarar etter dette må du kontakte Microsoft for vidare hjelp.

Du kan nå dei på telefon: 23 50 05 00 eller på deira Facebook-side.