Familievenleg innhald frå SF Kids

No kan du få tilgang til hundrevis av seriar og filmar frå SF Kids. Her er det garantert noko for både foreldre og barn. Sjå det kor du vil og når du vil med Get nett-tv og Get tv-app for PC/Mac, mobil, nettbrett og Apple TV. SF Kids-biblioteket kjem på Get-boksane før sommaren.

sf-kids.jpg

Gamle og nye favorittar

Med SF Kids kan du gjenoppdage filmar og seriar frå din eigen barndom, samtidig som barna finn sine nye favorittar. Her finn du mellom anna Astrid Lindgrens figurar, Pippi Langstrømpe og Emil i Lønneberget, samt fleire animerte favorittar som Albert Åberg og Gubben og katten. Av nyare seriar kan SF Kids by på favorittar som Peppa Gris, Byggmester Bob og Karsten og Petra.

 

Enkelt å velje innhald

Den nye arkivtenesten SF Kids er tilgjengeleg utan ekstra kostnad i valmenyen på get.no. Du kan også velja ditt innhald med Min get-appen. Lastar du den ned på mobilen er det enkelt for deg å endre innhald.

 
 

 

For dei aller minste (0-3 år)

petterson og findus_gubben og katten.png

Gubben og katten

Pettersen er ein gubbe som bur på ein gard ute på landet, saman med katten si, Findus, og hønene. Gubben og katten kan prate med kvarandre, og for gubben er Findus meir som eit barn enn ein katt. Følg dem ut på eventyr.

 

peppa gris_peppa pig.png

Peppa Gris

Peppa er ein søt liten gris som bur saman med sin lillebror Georg, mamma Gris og pappa Gris. Peppa elskar å leike, å kle seg ut,  å besøke nye stadar og få nye vennar, men den absolutte favoritten er å hoppe rundt i  søle.

brannmann Sam.png

Brannmann Sam

Sam er brannmann. Han er modig, roleg og hjelpsam. Han kjedar seg aldri på jobben fordi det alltid er nokon i Pontypandy som treng hjelp. Brannmann Sam er den beste av alle til å hjelpe til når nokon er i knipe. Han er ein ordentleg helt!

 

Ta med eventyret inn i kvardagen

Med SF Kids er du sikker på at dei minste finn det dei likar, men også ting dei større barna kan ha gleda av. SF Kids har hundrevis av seriar og filmar på norsk. Kanskje finn dykk noko heile familien kan sjå saman?


 

For dei som har blitt større (4-6 år)

Karsten og Petra

Møt dei to 5-åringane Karsten og Petra, og deira to kosedyr, Løveungen og Frøken Kanin. Bli med inn i eit vakkert, fantasifullt og morosamt univers der barna har sine kvardagslege opplevingar saman med sine to kosedyr. Me følgjar dei i lek og i deira fantasiverd der draumar vert verkelegheit.

Thomas og vennane hans

Her møter du lokomotivet Thomas og alle hans vennar. Du kjenner sikkert Thomas frå før? Han elskar å frakte alle slags moglege lastar. Det einaste han ikkje likar, er fisk. Det er både jobb og moro som ventar på fantasiøya Sodor, denne gangen.

pingu sf kids.png

Pingu

Pingu er ein sjarmerande, liten pingvin som bur med familien og vennane sine på Sydpolen. Pingu opplever eventyr overalt kor han ferdast. Hans ufarlege rampestrekar gjer at han hamnar i mange komiske situasjonar til glede for både små og store. Bli med på moroa du også!

 

Filmar og seriar for alle aldre

Hjå SF KIds finn du innhald for dei ulike aldersgruppene, og mykje som passar for heile familien. Kva med å gjenoppleve noko frå eigen barndom saman med barna?


 

For dei litt eldre barna
(7-10 år)

Pinnemann

Frå skaparane av storsuksessen ”Gruffalo” og ”Plass bakpå Kosten”, kjem no ”Pinnemannen”, ein nydeleg animert film basert på den bestseljande bildeboken av Julia Donaldson. Bli med Pinnemannen på hans utrulege reise gjennom alle årstidene når han spring frå leikelystne hundar, vert kasta i ein elv, rømmer frå reiret til ein svane og til og med hamnar på bålet. Vil han rekke heim til familien sin til jul?

 

Iron Man

Tony Stark er arving til eit milliardimperium og lever eit luksusliv kor han er fri til å nytte tida på sine favorittinteresser; søkje ekstrem spenning, løyse vitskapelege mysterium og skape utrulege oppfinningar. Men alt går galt når Tonys far dør i ein ulukke som nesten kostar hans eiget liv. Ved hjelp av sine teknologiske ferdigheiter må Tony handle som ein superhelt og bekjempe urettferdigheit. Han er Iron Man.

ronja røverdatter sf kids.png

Ronja Røverdatter

Ronjas liv begynte storslagent. Den natta ho vart fødd, slo lynet ned og delte Mattisborgen i to. Hennar far, Mattis – den mektigaste røvarhøvding i alle berg og skogar – var vill av lykke over dottera. No skulle Mattisslekta fortsetje, for her var emnet til ein ny røvarhøvding. Trudde Mattis. Same natt vart endå ein røvarhøvding fødd...

 

La barna sjå SF Kids med Get TV-app

No kan du ta med deg filmane og seriane frå SF Kids på ferie. Nyttar du TV-appen frå Get, er alle filmane og seriane tilgjengelege kor som helst og når som helst i Noreg. Innhaldet finn du igjen under TV-arkiv i app-menyen.