Dagfinn vann eitt år gratis abonnement!

I februar og mars hadde me ein kampanje, der me gav våre fiberkundar moglegheit til å oppgradera abonnementet sitt til ein høgare kapasitet med ein god månadspris.

Dei kundane som oppgraderte vart automatisk med i trekninga av ein fantastisk premie. I heile 12 månadar spanderar me abonnementet med den superraske hastigheita 1000/1000 Mbit/s på ein heldig vinnar. Premien har ein verdi på kr 23 988,- og er ein del av vårt Premium fiber til heimen-produkt.

Me har gjennomført trekninga, og vinnar vart Dagfinn Rude Johannessen frå Sogndal. Han er no ein av få privatkundar i Noreg som får levert ei Gigabit-linje gjennom fiberkabelen. Dette kan han og resten av husstanden nytte til fri bruk.

Ynskjer du meir informasjon om våre Premium fiber til heimen-produkt. Sjekk ut meir her.