Få den beste internettopplevinga i heimen

Har du opplevd at det ikkje alltid er mogleg å få til ein optimal trådlaus dekning i heile bustaden med berre ein trådlaus sendar i heimen? Årsaka til dette er ofte fysiske hindringar og trådlaust støy som påverkar dei trådlause signala. Me tilrår difor at ein alltid vurderar behovet for fleire trådlause aksesspunkt (tilgangspunkt/sendarar) i bustaden, særs dersom ein ynskjer betre trådlaus dekning.

Jo fleire punkt ein har, jo betre dekning vil du få. Dette gjeld likevel ikkje dersom ein har satt opp forskjellige trådlause aksesspunkt som ikkje snakkar saman, og som forstyrrar dei trådlause signala til kvarandre.

Produktet AirTies Air 4920 optimaliserer nettverkskapasiteten med jamn trådlaus dekning og hastigheit, gjennom eitt nettverk.

Sammenliknet med en rekkeviddeforlenger får du da et system som lar deg bevege deg gjennom hele boligen uten avbrudd eller bytte av nettverk, og som kan utvides med mange flere punkter om du har en virkelig stor bolig. Og du kan gjøre det uten å bevege deg inn i konfigurasjonsportalen en eneste gang, om du vil det. Det «bare fungerer».
— Tek.no 17.01.2017

Last ned AirTies-appen

Kvifor oppgradere heimen med AirTies?

Enkel installasjon med smart nettverk rett ut av boksen. Brukarrettleiing følgjer med.
Slutt på dødsoner, få dekning i heile bustaden med eitt trådlaust nettverk.
Skalerbar for bustader i alle storleiker. Enkelt å oppgradera med fleire trådlause punkt etter behov.
Klient- og bandstyring: same nettverksnamn og passord overalt, du koplast automatisk til der effekten er best; på 2,4GHz eller 5GHz frekvens. Du slepp å bytte tilkopling etter kvart som du bevegar deg i bustaden.
Nettverksportar på baksida av aksesspunktet. Om du i dag har ein SmartTV eller PC som du ikkje får kabla direkte i modemet grunna lang avstand, så kan du nytte portane på ein av Airties-einingane.
AirTies App gjev deg moglegheit for å sjekka signalstyrke, sjå kven som er tilkopla nettet og gjere enkel konfigurasjon. Tilgjengeleg på iOS og Android.
Automatisk oppdatering. Du slepp å manuelt oppdatere programvara i kvar enkelt AirTies-eining.

Same nettverk og passord overalt

Det trådlause nettverket til AirTies syt for at eininga di (PC, mobil, tablet mm.) vert automatisk kopla til det trådlause punktet med best dekning.

Med AirTies treng du berre å logge på eitt trådlaust nettverk med eitt passord. Det betyr at du kan bevege deg rundt i bustaden utan at du sjølv må bytte trådlaust nettverk kvar gong for å få betre dekning akkurat der du er.

Enkel oppkopling og utviding av nettverket

Me tilrår at ein startar med bustadspakken som inneheld tre punkt frå produktserien Air 4920. Det er enkelt å installere desse i heimen og du kan utvide nettverket med fleire AirTies-bokser etter behov.

Med bustadspakken oppkopla kan du skru av dei trådlause signalet frå fibermodemet og berre nytte AirTies. Det første trådlause punktet kablast direkte i fibermodemet, medan dei andre setjast på forskjellige og strategisk gode plassar i bustaden.



AirTies A4920 Single

AirTies Air 4920 Single

Eingongskostnad kr 1 099,-

 AirTies A4920 Trio  Eingongskostnad kr 2999,-

AirTies Air 4920 - Bustadspakke

Eingongskostnad kr 2 999,-